|
|
 |
 |
Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram
>> |
R
reteatralisering |
Retning
i teaterhistorien som vil føre teateret attende til seg sjølv, og vekk
frå freistnaden på å skape illusjon av røyndom på
scenen. Gjennom reteatralisering vert teatret forstått som ei eiga verd, med eigne
verkemiddel, eigne lover og eigne koder for
kommunikasjon.
Publikum skal ikkje ”lurast” til å tru på ein illusjon, men inviterast til å gå inn i
teatret på dei føresetnaden som kjenneteiknar dette. Omgrepet
”reteatralisering” vart lansert av den tyske teaterleiaren
Georg Fuchs
rundt 1900. Omlag samstundes byrja filmen sin ekspansjon som folkeleg
underhaldnings- og illusjonsmedium. Teatret kunne ikkje lenger vere
”best” på dette som i romantikken, realismen og naturalismen. Utover i
det tjuande århundret søkte nyskapande teaterfolk impulsar til
fornying av teatret attende i teaterhistoria, før og utanfor
illusjonsteatret, eller til teatrale former i samtida. Døme på dette er
Brecht som vart inspirert av kinesisk teater og utvikla sin
V-effekt. Performance inviterer også publikum til å ”leike” med verkemidla i
teatret. |
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|