Opprinnelig Eugen Berthold Friedrich Brecht. Fødd 10. februar 1898 i Augsburg, Tyskland.
Død 14. august 1956 i Aust-Berlin, Tyskland (då DDR). Tysk teaterleiar, instruktør,
dramatikar, dramaturg og teaterteoretikar. Studerte medisin frå 1917 til 1921 og gjorde
mellom anna teneste ved eit feltsjukehus mot slutten av 1. verdskrig. Etter å ha prøvd
seg som dramatikar nokre år fekk han sitt sceniske gjennombrot med Tolvskillingsoperaen
i 1928, som tok utgangspunkt i Gay'sTiggeroperaen
frå 1728. Han reiste i eksil til Danmark i 1933 og vidare til USA i 1941. I 1947
vart han granska av kongresskomiteen for anti-amerikansk verksemd. Etter dette forlet han
USA, reiste til Zürich i Sveits og vidare til Berlin.
Brecht ville bryte med den aristoteliske (dramatiske) dramaturgien i teatret, som freistar
å gi publikum ein illusjon av at handlinga går føre seg her og no. Han ville skape eit
episk teater der tilskodaren ikkje fylger handlinga med innleving, men med kritisk
distanse. Brecht ville også at framsyninga aktivt skulle bryte med illusjonen,
mellom anna gjennom v-effekten
("verfremdung") eller "brot". Tilskodaren skal heile tida haldast
medveten om at det som går føre seg på scenen er teater og ikkje ein freistnad på å
vise røyndomen (realisme). Gjennom teatret ville Brecht vekkje tilskodaren til
handling, for å endre urettferdige tilhøve i samfunnet.
Verk: Baal, Trommer i natta, Mor Courage,
Galileis liv, Herr Puntila og gardsguten Matti, Den
kaukasiske krittringen.
Litteratur:
Jon Nygaard: Teatrets historie i Europa. Del 3: Teatret i vårt århundre. Teater og
samfunn Spillerom 1993 (119-123, 156-163).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no