FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / O

(annonse)

Denne side endret
10. oktober 2010

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

O

O'Neill, Eugene Gladstone
Fødd 16. oktober 1888 i New York, død 27. november 1953 i Boston. Amerikansk dramatikar. O'Neill var son av skodespelaren James O'Neill. Eugene levde eit omflakkande liv som skodespelar og sjømann, før han fokuserte mot dramatikar-karriera.

Han debuterte i 1916 med den første av ein serie einaktarar, Bound East for Cardiff (skrive 1914), i Provincetown, Massachussets. Hans mest kjende stykke er det sjølvbiografiske Lang dags ferd mot natt, skrive i 1941, urframført på Dramaten i Stockholm 1956. O'Neill stod heilt sentralt i fornyinga av realismen og vitaliserte det amerikanske teateret på 1920-talet, som dramatikar og som organisator. Han fekk Pulitzer-prisen for drama i 1920, 1922, 1928 og 1957.
Eugene O'Neill.
Foto: Alice Boughton. WikiCommons
ONeill-Eugene-WikiComCrp.jpg (6054 bytes)

i 1936 fekk han også Nobel-prisen i litteratur. O'Neills dramatikk vart tidleg godt motteken i Sverige. Teaterhuset Dramaten i Stockholm fekk frå 1956 retten til å dele ut eit stipend i O'Neills namn, til "högt förtjänta artister på Dramaten". Hans mest kjende stykke, Lang dags ferd mot natt, hadde også urpremiere ved den svenske hovudscenen.

Privat levde O'Neill eit hardt liv, prega av tøffe erfaringar frå barndommen og i kamp med alkoholisme. Han vart også ramma av tuberkulose i ung alder. Dramatikaren var gift tre gonger og fekk tre born. Den yngste, dottera Oona, gifte seg 18 år gammal med den 54 år gamle Charlie Chaplin i 1943. Ho vart forstøytt av far sin etter dette, og dei såg kvarandre aldri att.

Dei fleste stykka til O'Neill vert rekna som tragedier, med unntak av komedien Ah, Wilderness! (1933). Sentrale verk er Beyond the Horizon (1918 - Pulitzerpris-vinnar 1920), Anna Christie (1920 - Pulitzerpris-vinnar 1922), The Emperor Jones (1920), The Hairy Ape (1922), All God's Chillun Got Wings(1924), Desire Under the Elms (1925), Lazarus Laughed (1925–26), The Great God Brown (1926), Strange Interlude (1928 - Pulitzerpris-vinnar 1928), Dynamo (1929), Mourning Becomes Electra (1931), The Iceman Cometh (1939, urpremiere 1946), Hughie (1941, urpremiere 1959),Long Day's Journey Into Night (1941, upremiere 1956 - Pulitzerpris-vinnar 1957), A Moon for the Misbegotten (1941 - urpremiere 1947), A Touch of the Poet (1942 - urpremiere1958), More Stately Mansions, (urpremiere 1967).

Kjelder:
Wikipedia

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no