Originaltittel: Othello. Skodespel, tragedie, av den engelske
dramatikaren William
Shakespeare. Rekna for å vere skrive i 1603. Første kjende publisering gjennom den
såkalla First Folio i 1623.
Handlinga knyter seg til rollene Othello,
ein maurisk øvstkommanderande i dei venezianske hærstyrkane, kona hans Desdemona,
den trufaste nestkommanderande Cassio, og den intrigante fenriken Iago.
Gjennom skodespelet manipulerer Iago personane og handlingane rundt seg slik at Othello
drep kona i sjalusi. Etterpå forstår Othello kva som har skjedd og tek livet av seg
sjølv. Handlinga spelar seg ut i Venezia, og for det meste på Kypros. Tida er ikkje
nærmare definert, men plot og miljø peikar mellom 1350 og 1500.
Illustrasjon:
WikiCommons
Sjalusidrama: "Othello og Desdemona og Othello" skildra av den
spanske malaren Antonio Muñoz Degrain (18401924) i 1880. Det
kjende Shakespearedramaet, med sine sterke tema som rasisme, kjærleik sjalusi, hemn og
svik har lagt grunnlaget for eit stort tal adaptasjonar i framsyningar, kunst, opera, film
og litteratur.
Historiske
framføringar
Den første kjende framføringa av skodespelet fann stad i
Whitehall Palace i London 1. november 1604. Ei
gruppe kalla "The Kings Maiesties plaiers" stod for framsyninga, og skodespelet
vart kreditert "Shaxberd". I byrjinga av Restaurasjonstida i England, 11. oktober 1660, er ei
framsyning med skodespelet nemnt i den vidgjetne dagboka til det engelske
parlamentsmedlemmet og marineembetsmannen Samuel Pepys. Pepys såg skodespelet i The Cockpit Theatre i London. Skal vi tru han spelte
Nicholas Burt tittelrolla, Charles Hart spelte Cassio og Walter Clun spelte Iago. 8
desember 1660 spelte Margaret Hughes rolla som Desdemona.
Ifylgje engelsk Wikipedia var dette truleg den første gongen ein profesjonell kvinneleg
skodespelar stod på ein offentleg scene i England.
Engelsk Wikipedia hevdar det viser dramaet sin styrke at det aldri vart tilpassa eller
endra gjennom Restaurasjonstida i England eller i det attande hundreåret.
24. oktober 1829 hadde ei fransk omsetjing av
stykket premiere på Comédie-Française i Paris som fylgje av at Shakespeare fekk
veksande popularitet i Frankrike i romantikken.
I det nittande hundreåret vart Othello spela mellom anna av Edmund Kean, Edwin Forrest,
Ira Aldridge og Tomasso Salvini. Kjende tolkarar av Iago var Edwin Booth og Henry Irving.
Mot slutten av hundreåret var det ingen ringare enn skodespelar, regissør og
teaterfornyar Konstantin Stanislavskij som tolka rolla som Othello (1896).
I USA vert ei oppsetjing i regi av Margaret Webster (1943) rekna som den viktigaste. Her
spela Paul Robeson Othello og José Ferrer var Iago. Dette var den første framsyninga i
USA med ein svart skodespelar i rolla som Othello, samstundes som dei andre rollene vart
spela av kvite.
4. desember 2007 hadde ei framsyning av skodespelet
premiere ved Donmar Warehouse i London. Regi hadde Michael Grandage, med Chiwetel Ejiofor i tittelrolla. Ewan McGregor spelte Iago og Michelle Fairley tolka Emillia. Ejiofor vann Laurence
Olivier Awards for denne prestasjonen.
Norske framføringar: 2015: Den Nationale Scene,
Bergen. Regi Stein Winge, medverkande mellom andre Bill Pullman (tittelrolla).
1980: Nationaltheatret, Teatret på
Torshov, Oslo. Regi Stein Winge, medverkande mellom andre
Espen Skjønberg (tittelrolla) og Per Theodor Haugen (Jago).
1966: Det Norske Teatret, Oslo. Regi Tormod
Skagestad, medverkande mellom andre Earl Hyman(tittelrolla) og Espen Skjønberg
(Jago). Hyman spelte seinare
også Othello på DNS i Bergen og på Riksteatret.
1908: Nationaltheatret,
Oslo. Regi Halfdan Christensen, medverkande mellom andre Egil Eide
(tittelrolla), Doris Johannesen (Desdemona) og Harald Stormoen (Jago).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no