Cockpit Theatre var eit teater i London som var i drift frå 1616 til
1665. Etter at det vart skadd under gatekampar i 1617 fekk det nytt namn, The
Phoenix. Den opphavelege bygningen var ein arena for hanekampar, slik namnet
peikar mot. Ifylgje dagboka til Samuel Pepys vart Othello
av William Shakespeare framført i teatret 11. oktober
1660. Etter 1665 er det ikkje funne kjelder som tyder på framføringar i teatret.
Lagnaden til bygningen er ukjend, og det fins idag ingen spor etter han. Ifylgje engelsk
Wikipedia ville inngangen til teatret truleg ligge omlag der Drury Lane er i dag, på
motsett side av Martlett Court.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no