FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / E

(annonse)

Denne side endret
20. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

E

Ejiofor, Chiwetel

Del artikkelen |

Chiwetelu Umeadi "Chiwetel" Ejiofor. Fødd 10. juli 1977 i Forest Gate, London. Engelsk skodespelar i teater og film. Då Chiwetel var elleve år miste han far sin i ei trafikkulukke, og vart sjølv alvorleg skadd. Han byrja å spele teater i skulespel ved Dulwich College då han var tretten og vart med i the National Youth Theatre. Han kom deretter inn på the London Academy of Music and Dramatic Art. Etter det første året måtte han slutte for å vere med i Steven Spielberg sin film Amistad (1997).

Chiwetel Ejiofor
September 2013.
Foto: gdcgraphics.
WikiCommons
ChiwetelEjioforSept2013WikiCommons-crp.jpg (39600 bytes)

Ejiofor spelte tittelrolla i Shakespeare sitt skodespel Othello ved the Bloomsbury Theatre i september 1995, og deretter også ved the Theatre Royal i Glasgow (1996). Han spelte då mot Rachael Stirling i rolla som Desdemona. Han har vore med i ei rekkje teaterproduksjonar: I rolla som Malcolm i Macbeth (1997), som Russel i Sparkleshark (1999), som Chris i Blue/Orange (Royal National Theatre, Cottesloe stage i 2000, ein innsats som vart løna med Critics' Circle Theatre Award, med London Evening Standard Theatre Award og nominasjon til Laurence Olivier Award), som Romeo i Romeo and Juliet (2000, vart løna med nominasjon til Ian Charleson Award), den unge Peer i Ibsen sitt skodespel Peer Gynt (2000), i rolla som Nicky Lancaster i The Vortex (2002), i rolla som Boris Alexeyevich Trigorin i Tsjekhov sitt skodespel The Seagull (the Royal Court Theatre i 2007), påny i   tittelrolla i Othello (2007, som vart løna med Laurence Olivier Award for beste mannlege skodespelar) og som Patrice Lumumba i A Season in the Congo (2013).

Sidan 1996 har Ejiofor medverka i fleire titals filmar og har fått mange prisar og nominasjonar. For norsk publikum er han mest kjend i rolla som Solomon Northup i 12 Years a Slave (2013, ein innsats som mellom anna vart løna med australske AACTA International Award for beste mannlege skodespelar og nominasjon til Oscar for beste mannlege skodespelar), i rolla som Thabo Mbeki i Endgame (2009), i rolla som Peter i Love Actually (2003) og som Orsino i Twelfth Night (2003).

Ejiofor vart utnemnd til Officer of the Order of the British Empire (OBE) i 2008.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no