|
|
 |
 |
Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
F
Fo, Dario |
Fødd 24. mars 1926 i Leggiuno-Sangiamo, Italia. Mimeskodespelar, dramatikar
og teaterleiar. Etter å ha drive med farser og revyar på 1950-talet starta han først
gruppa Nuova Scena saman med kona Franca Rame og seinare gruppa La Comune. Gruppene dreiv
politisk teater forankra i den folkelege venstresida
og inspirert av Brecht og tradisjonen
frå Commedia dell'arte. Stykka
til Fo siktar mot å underhalde og har ofte hatt provoserande og blasfemisk brodd mot det
etablerte. Fo har difor hamna i fleire rettssaker. Dario Fo fekk Nobelprisen
i litteratur i 1997.
I Noreg har Dario Fo vorte formidla mellom anna gjennom Frode Rasmussens einmannsframsyning Herre Jemini, gjøgleren kommer!
Verk: Den tilfeldige døden til ein anarkist, Mistero Buffo,
Vi betalar ikkje! Vi betalar ikkje!
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|