Født 11. februar 1982 i Reading, Berkshire,
England. Skodespelar i teater og film. Ho vart uteksaminert frå Webber Douglas
Academy of Dramatic Art i London i 2004.
Natalie Dormer.
Mars 2013.
Foto: Suzi Pratt.
WikiCommons
Som skulejente ved Reading Blue
Coat School trente Dormer dans, og var også aktiv nettballspelar,
nettball er ein variant av basketball. Dormer reiste også rundt internasjonalt med skulen
si talegruppe. Ho søkte først ei akademisk karriere,
men kom ikkje inn på historiestudiet ved Cambridgeuniversitetet. Ho prøvespelte då for
opptak på drama- og teaterskular og byrja på Webber Douglas Academy of Dramatic
Art i London. Kort tid etter at ho var ferdigutdanna der vart Dormer plukka ut
til rolla som Victoria i Lasse Hallströms film Casanova (2005).
Dormer har hatt sceneroller som Mizi i Sweet Nothings
ved teatret Young Vic i London (2010), som frøken Julie
i After Miss Julie same stad (2012) og som Pat i .45
ved Hampstead Theatre (2010). Teatermagasinet Exeunt
meinte at Dormers innsats som frøken Julie inneheldt "all the
anger, desire, wit, loneliness, merriment, melancholy and desperation of the casts of
several plays together... Dormer has still more presence and eerie beauty than is apparent
from her appearances on-screen, and she shape-shifts almost supernaturally between
seductress, child, and tormentor."
For norsk publikum er Natalie Dormer mest kjent i rolla som Margaery Tyrell
i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014) og som Anne Boleyn
i tv-serien Tudors (2007-2010). Frå filmografien hennar kan også rolla
som Gemma i filmen Rush (2013) nemnast. Dormer vil ha
rolla som Cressida i dei to siste filmane i Hunger Games-rekkja, Mocking
Jay del 1 og 2. Rolla som Victoria i Casanova
(2005) vart debuten og gjennombrotet for Dormer som filmskodespelar, og regissør Lasse
Hallström fann å måtte utvide rolla til Dormer, han vart imponert over
skodespelaren si evne til komisk timing.
. Relatert
link: After Miss Julie at Young
Vic Av Sarah Perry. Exeunt, mars 2010.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no