Christopher Catesby "Kit" Harington. Fødd 26. desember 1986, London, England. Engelsk skodespelar i teater, film og fjernsyn. Kit budde i
London til han var elleve år. Då flytte han til Worcester, Worcestershire, til han vart
18 og flytte så attende til London. Han gjekk på Southfield Primary School
frå 1992 til 1998. Deretter gjekk han på Chantry High School frå 1998
til 2003. Vidare studerte han Drama and Theatre Studies ved Worcester
Sixth Form College frå 2003 til 2005. Han vart uteksaminert frå the
Central School of Speech and Drama in 2008.
Kit Harington.
September 2013.
Foto: Gage Skidmore
WikiCommons
Før han byrja å spele teater
drøymte Harington om å bli journalist, kameramann eller krigskorrespondent. Men allereie
medan han gjekk på skule fekk Harington rolla som Albert i the
Olivier Theatre sin versjon av War Horse (2008-2009, Olivier
Theatre og New London Theatre). Skodespelet fekk to Oliver
Awards, og Harington fekk mykje merksemd for arbeidet sitt. Seinare fekk han
rolla som Ed Montgomery i skodespelet Posh, (2010, ved Royal
Court Theatre), ei mørk komedie om unge overklassemenn som studerte ved Oxford
University.
For norsk fjernsynspublikum er Harington mest kjend i rolla som Jon Snow
i HBO sin fantasyserie Game of Thrones (2011-2014). Han tolkar også
rolla som slaven og gladiatoren
Milo i den historiske katastrofefilmen Pompeii (2014).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no