FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / G

(annonse)

Denne side endret
1. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

G

gladiator
 

Del artikkelen |

Frå latin gladius, "sverd", gladiator tyder "sverdkjempar". Gladiatorene var profesjonelt opplærte fektarar, som kjempa mot kvarandre på liv og død for publikum i dei romerske amfiteatra, til dømes i Colosseum.

JeanLeonGeromePolliceVersoWikiCommons-Crp.jpg (76919 bytes)

Illustrasjon: WikiCommons


Liv og død: Slik såg den franske malaren Jean-Léon Gérôme (1824–1904) føre seg ein gladiatorkamp. Biletet er frå 1872.

Som regel var gladiatorane krigsfangar frå folkeslag romarane hadde sigra over. Dei kunne også vere slavar eller forbrytarar. Og frie romerske borgarar kunne også bli gladiatoriar. Røtene til gladiatorkampane går truleg attende til etruskarane.

Det er mange myter knytte til gladiatorkulturen, og dei historiske tilhøva er usikre. Når ein gladiator hadde vunne over ein annan kunne publikum eller keisaren bestemme om sigerherren skulle ta livet av taparen. Om  tommelen skulle opp eller ned for vinnaren, eller om det var andre teikn, er usikkert. Sjå også naumachia og Colosseum. Gladiatorane hadde status som kjendisar hos romarane.

Den mest kjende gladiatorien frå historia er Spartacus, som leidde eit opprør mot romarane rundt 75 før Kristus. Det vert hevda at keisar Commodus deltok i gladiatorkampar rundt år 190 etter Kristus.

Kjelder:
Eckardt, Emanuel: Storhet og fall på dødens arena. National Geographic Norge nr. 14-2006 (48-71).

Wikipedia.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no