FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / F

(annonse)

Denne side endret
2. april 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

F

Fiennes, Ralph

Del artikkelen |

Ralph Nathaniel Twisleton-Wykeham-Fiennes. Fødd 22. desember 1962 i Ipswich, England. Engelsk skodespelar i teater, film og røysteleggjing. Ralph og familien flytta til Irland i 1973, der dei budde i West Cork og County Kilkenny i nokre år. Han gjekk på skule ved St. Kieran's College i eit år, deretter Newtown School, ein uavhengig Kvekerskule i County Waterford. Dei flytta til Salisbury i England der han avslutta skulegangen ved Bishop Wordsworth's School. Malarinteressa førte han til Chelsea College of Art før han fann ut at skodespelkunst var den sterkaste lidenskapen hans. Ralph Fiennes er ein av dei engelsk-språklege skodespelarane som har klart halde oppe eit svært høgt aktivitetsnivå i både teater og film..

Sir Ralph Fiennes
Mars 2011.
Foto: © Marie-Lan Nguyen.
WikiCommons
RalphFiennes2011WikiCommons-crp.jpg (461913 bytes)

Mellom 1983 og 1985 studerte Fiennes ved the Royal Academy of Dramatic Art. Han byrja si profesjonelle karriere som skodespelar ved the Open Air Theatre, Regent's Park. Han har også spelt ved the National Theatre før han oppnådde lovord ved the Royal Shakespeare Company.

Fiennes har stått på scenen i eit overveldande tal skodespel. Som Curio i Twelfth Night av William Shakespeare (1985, ved New Shakespeare Company og ved Open Air Theatre i Regent's Park, London), som Cobweb i A Midsummer Night's Dream av Shakespeare (1985, same stad), som Lysander i A Midsummer Night's Dream (1986, same stad og på New Shakespeare Company sin Europaturné), som Romeo i Romeo and Juliet av Shakespeare (1986, same stad), som Son i Six Characters in Search of an Author av Luigi Pirandello (1987, ved National Theatre's Olivier Theatre, London), som Arkady Nikolayevich Kirsanov i Fathers and Sons av Ivan Turgenev (1987, ved National Theatre's Lyttelton Theatre, London), som Lisha Ball i Ting Tang Mine av Nick Darke (1987, ved National Theatre's Cottesloe Theatre, London), som Claudio i Much Ado About Nothing av Shakespeare   (1988, ved Royal Shakespeare Theatre, Stratford-upon-Avon), som Henry VI og ghost of Henry VI i The Plantagenets: Henry VI, The Rise of Edward IV, Richard III His Death av Shakespeare (1988–1989, ved Royal Shakespeare Theatre, Stratford-upon-Avon og Barbican Theatre, London), som Dauphin i King John av Shakespeare (1989, ved The Other Place Theatre, Stratford-upon-Avon og The Pit Theatre, London), som Bert Jefferson i The Man Who Came to Dinner av Moss Hart og George S. Kaufman (1989, ved The Royal Shakespeare CompanyBarbican Theatre, London), som Gant  i Playing with Trains av Stephen Poliakoff (1989 ved The Royal Shakespeare CompanyThe Pit Theatre, London), som Troilus i Troilus and Cressida av Shakespeare (1990, ved The Royal Shakespeare Company – Swan Theatre, Stratford-upon-Avon) som Edmund i King Lear av Shakespeare (1990, ved The Royal Shakespeare CompanyRoyal Shakespeare Theatre, Stratford-upon-Avon), som Berowne i Love's Labour's Lost av Shakespeare (1991, ved The Royal Shakespeare CompanyRoyal Shakespeare Theatre, Stratford-upon-Avon og Barbican Theatre, London), som tittelrolla i Hamlet av Shakespeare (1995, ved The Almeida Theatre CompanyHackney Empire, London og Belasco TheatreBroadway, NY), som Ivanov i Ivanov av Anton Chekhov (February–April 1997, ved The Almeida Theatre CompanyAlmeida Theatre, London), som CoriolanusCoriolanus av Shakespeare (2000, ved The Almeida Theatre CompanyGainsborough Film Studios i Shoreditch, London og BAM Harvey Theatre i Brooklyn, New York City), som tittelrolla i Richard II av Shakespeare (2000, samme sted), som Sir Ralph Fiennes i The Play What I Wrote av Hamish McColl, Sean Foley og Eddie Braben (2001, ved The Duo The Right SizeWyndham's Theatre, West End), som Carl Jung i The Talking Cure av Christopher Hampton (2003, ved National Theatre's Cottesloe Theatre, London), som tittelrolla i Brand av Henrik Ibsen (2003, ved The Royal Shakespeare CompanySwan Theatre, Stratford-upon-Avon og Theatre Royal Haymarket, West End), som Mark Anthony i Julius Caesar av Shakespeare (2005, ved Barbican Centre, London og turné), som Frank Hardy i Faith Healer av Brian Friel (2006, ved Gate Theatre, Dublin and Booth Theatre on Broadway, New York City), i First Love av Samuel BeckettSydney Festival 2007, som Alain Reille i God of Carnage av Yasmina Reza (2008, ved Gielgud Theatre, West End), som tittelrolla i Oedipus the King av Sophocles (2008, ved National Theatre, London), som Prospero i The Tempest av Shakespeare (2011, ved Theatre Royal Haymarket, London).
 
Fiennes har vore med i fleire titals filmar. For eit norsk publikum er han kjend mellom anna som Heathcliff i Emily Brontë's Wuthering Heights (1992), Som Amon Göth i Schindler's List (1993), som Count László de Almássy i The English Patient (1996), som Lord Voldemort i Harry Potter and the Goblet of Fire (2005) i Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007), i Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 1 (2010) og Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 2 (2011), som  Older Michael Berg i The Reader (2008), som Gareth Mallory/M i Skyfall (2012) og som M. Gustave i The Grand Budapest Hotel (2014).

Fiennes har motteke eit stort tal utmerkingar, nominasjonar og prisar.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no