|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
D
| dans |
frå norrønt, dans,
gamalfransk se danse. Rytmisk kroppsrørsle som fritt, spontant eller organisert
uttrykk for kjensler, energioverskot og ritual i sosiale fellesskap, eller som medvite
kunstnarlege uttrykk i høve til publikum. Oftast, men ikkje alltid, til ulike former for
musikk.
Vi finn dans som uttrykk i dei fleste kjende folkeslag og kulturar, i friare eller meir
ritualiserte former. Sceniske dansar har ofte utvikla seg
frå ulike religiøse eller sosiale ritual. I europeisk kultur utvikla danseformer seg
gjennom hoffdans til ballett. Dans kan på same vis som teater verte forstått meir eller mindre som offisielt uttrykk. Dans kan også førast attende til
opprinnelege kulturar, som til dømes sjamanisme, sjå narr.
Overgangane mellom dans og teater er i vår tid ofte flytande, som fylgje av utviklinga av
fysiske teaterformer.
I norsk vidaregående
skule er dans ei studieretning med fag som gir dansefagleg kompetanse eller utnyttar
dansefagleg kompetanse på andre samfunnsområde. Studieretninga er organisert som del av
felles grunnkurs musikk-dans-drama første år, og med fordjuping gjennom vidaregående
kurs 1 og 2 andre og tredje år. Gjennomført studieretning gir allmenn studiekompetanse.
Studieretninga vart innført i 1994 som del av Reform 94 og ga dans ein ny og utvida plass
i norsk vidaregåande skule.
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|