|
|
|
|
Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram
>> |
Z
zanni |
Tenarroller i den
italienske Commedia dellArte. Ordet er
italiensk, kjem truleg frå diminutiv av Giovanni som er eit vanleg namn i Bergamo i
Lombardiet, der også zannirolla truleg kjem frå. Zanni vart også brukt synonymt med
Commedia dellArte meir allment. Zanni var sentrale karakterar i denne teaterforma og
rollene kunne vere både kvinnelege, som Columbine eller
mannlege som den meste kjende zanni, Harlekin. Andre:
Pulcinella, Pedrolino, Scapin, Scaramouche, Bagatino, Trapolino, Truffaldino eller
Brighella. Tenarrollene var sentrale i Commedia dell Arte, dei dreiv ofte
handlingsscenariene i høve til dei andre rollene og produserte komikk gjennom å gjenta
komiske handlingar av ulike slag (lazzi). Zanni spelte mykje på jakta etter mat, pengar
og sex. Dei komiske lazzi kunne vere verbale eller fysiske, akrobatiske element stod også
sentralt. Zanni hjalp ofte dei unge elskande med å få kvarandre, og gjorde strekar mot
den gjerrige, gamle Pantalone, Dottore eller Capitano ved å stele pengar eller kjæraster
frå dei. Dei var intelligente, intrigante og kverulantiske, feige, svikefulle og fleipete.
Kostymene til zanni bestod av halvmasker i tre eller lær, gjerne pålimt hår og skjegg,
ein breibremma eller høg hatt, vide skjorter og bukser.
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|