"Den vesle svarte", også nedkorta til LBD
etter den engelske nemninga "Little Black Dress", er ein svart,
enkel og elegant knekort kjole. Kjolen vert nytta til fest eller til andre situasjonar der
ein ynskjer gjennomtenkt og høgtideleg drakt.
"Den vesle svarte" vart opprinneleg lansert av klesdesignaren Coco
Chanel i 1926, men fekk sitt gjennombrot på 1950- og 1960-talet. Mange ser i dag
på "den vesle svarte" som eit av grunnplagga i ei kvinnegarderobe, ikkje minst
for modellar og skodespelarar.
"den vesle svarte".
Mai 2010
Foto: M.N.A. van den Bogaart
WikiCommons
Sidan plagget ofte er svært enkelt
vert det også lagt stor vekt på kva ein skal ha til "den vesle svarte":
Vesker, sko, halsband, armband, hanskar, øyreringar og smykke.
Opprinneleg var kjolen T-forma, med lange armar og innskjering slik at kjolemidja låg på
hoftene. På 1920-talet var kjolen ein motreaksjon mot dei store tunge langkjolane som var
høgste mote den gongen, og som gjorde det vanskeleg å røre på seg. "Den vesle
svarte" vart etterkvart nærmast eit symbol på den frigjorte kvinna.
Coco Chanel lånte fargen svart frå dei avantgardistiske ekspresjonistiske
kunstnarane i samtida. Før denne kjolen kom i bruk var svart rekna som ein farge
berre til bruk ved sorg. Ei ikonisk utgåve av "den vesle svarte" er kjolen som
vart designa til skodespelaren Audrey Hepburn i filmen Frukost
på Tiffany's frå 1961. Skaparan av denne kjolen var Hubert de Givency.
Filmen vart umåteleg populær og kjolen med den.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no