Lupita Amondi Nyong'o. Fødd 1. mars
1983 i Mexico City, Mexico. Kenyansk-mexicansk skodespelar i teater og film. Familien
flytta til New York, og derifrå til Kenya, før Lupita var eitt år. Som sekstenåring
vart ho sendt attende til Mexico for å lære seg spansk. Nyong'o budde i Taxco, Guerrero
og fylgde kurs ved the Universidad Nacional Autónoma de México's Learning Center
for Foreigners. Nyong'o vaks opp i ein kunstinteressert familie som ofte såg på
skodespel, og der ungane hadde framsyningar i selskap og festar i heimen.
Lupita Nyong'o.
September 2013.
Foto: gdcgraphics.
WikiCommons
Nyong'o gjekk på ein jenteskule i
Kenya der ho spelte i skuleteaterframsyningar. Hennar første framsyning var ei mindre
rolle i Oliver Twist basert på Charles Dickens sin
roman. Då ho var 14 år debuterte Nyong'o i ei profesjonell teaterframsyning som Julie
i Shakespeare sitt skodespel Romeo
og Julie. Denne produksjonen var ved Nairobiteatergruppa Phoenix Players.
Medan ho var medlem av the Phoenix Players, spelte Nyong'o også i skodespela On
The Razzle og There Goes The Bride.
Nyong'o gjekk på college i USA. Etter at ho var uteksaminert frå Hampshire
College med ein grad i film og teaterstudier byrja ho å arbeide
i filmproduksjonar bak kamera. Etterkvart byrja ho på ein master i skodespel ved
the Yale School of Drama. Her var ho med i mange sceneproduksjonar, som Gertrude
Stein sitt skodespel Doctor Faustus Lights the Lights, Anton Tsjekhov sitt skodespel Onkel
Vanja og The Taming of the Shrew av Shakespeare.
Medan ho var ved Yale fekk ho the Herschel Williams Prize "awarded
to acting students with outstanding ability" for skuleåret 20112012.
Nyong'o har enno ikkje medverka som skodespelar i så mange filmar, men har fått stor
merksemd for rolla som Patsey i 12 Years a Slave (2013).
Denne innsatsen har gjeve henne Oscar og mange andre prisar og
nominasjonar for beste kvinnelege birolle, og har også gjort henne kjend
for eit norsk publikum. Den foreløpig siste filmen hennar er som Gwen Lloyd
i filmen Non-Stop (2014).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no