|
|
 |
 |
Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
M
maske |
Truleg frå arabisk maskhara
som tyder "artist, tryllekunstnar". Innretning for å dekke til eit
menneskeandlet heilt eller delvis, eller gje det eit anna uttrykk enn det naturgjevne.
Definisjonen av ordet er flytande, men i daglegtalen vert ordet som regel nytta om
lause masker som teknisk kan nyttast av fleire enn ein person. Djupare sett er denne
tydinga for trong, i og med at til dømes sminke også kan brukast til å skape
ei maske. Enkle mimeformer kan også seiast å skape masker utan tekniske hjelpemiddel.
Også i psykologisk-realistisk spelestil vil skodespelarane kunne hevde å ha ei maske,
gjennom å ha bygd opp ei rolle innanfrå.
I daglegtale vert også maske nytta i mange overførte tydingar, som "å bli lang i
maska", "kaste maska", "vere stram i maska" etc. Alle desse
tydingane speglar ei allmenn oppfatning av ein motsetnad hos menneska mellom det ytre ein
person framstiller (rolla) og det som er bakanfor eller innanfor, det eigentlege, motivet,
røyndomsoppfatninga osv. Ei maske spelar på at oppfatninga av identiteten til eit
menneske er sterkt knytt til andletet. Ved å endre andletet gjennom maskering endrar vi
også straks oppfatninga av identiteten og skaper ei ny rolle.
Denne verknaden av maska gjer at det gjennom historia har vorte knytt mykje mystikk, magi,
tabu, frykt, forventning og maktspel til ho. Alle kjende kulturar har etterlete seg
masker, som rituelle reiskaper i jakt, religion eller kult. I mange former for teater har maska hatt ein dominerande og
sjølvsagt plass, i totemistiske og sjamanistiske urformer, i det antikke greske og
romerske teatret, i Commedia
dell'arte.
Masker kan ha eit anna utgangspunkt enn å framstille ei rolle, som briller
(synskorreksjon eller solbriller på ei strand), vernemasker i industri (sveising) og
sport (sportsfekting eller ishockey). Men i same augneblinken ho vert sett på endrar ho
identiteten og rolleutforminga til den som nyttar ho.
I ishockey er maska heilt naudsynt for å verne hovudet til målvakta mot pucken, men vert
likevel ofte dekorert til dømes som ein gapande isbjørnkjeft. Målet er å skremme
motspelarane eller svekke konsentrasjonen deira. Denne maskebruken minner mykje om
rituelle masker i sjaman- eller jaktkulturar. |
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|