|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon |
<< Tilbake |
Fram
>> |
L
|
Lorca, Federico García |
|
Spansk dramatikar og forfattar. Fødd
5.juni 1898 i Fuente Vaqueros,
Granada, Spania. Døde 19. august
1936 mellom Viznar og Alfacar i Granada.
Lorca var aktiv på venstresida i spansk politikk og vart myrda av
spanske nasjonalistar i byrjinga av den spanske borgarkrigen.
Lorca har ein sentral plass i moderne spansk kulturhistorie. Han skreiv
mange skodespel, dei mest kjende er Blodbryllupet (Bodas de
sangre) skrive 1932, framført første gong 1933 og Bernarda Albas
hus (La casa de Bernarda Alba), skrive 1936 og framført
første gong 1945. |
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|