Eva Gaëlle Green. Fødd 5. juli 1980
i Paris, Frankrike. Skodespelar i teater og film. Eva gjekk på the American
School of Paris, studerte ved the American University of Paris
og vart uteksaminert der. Ifylgje Wikipedia var Green ein blyg og stille elev, og ho vart
interessert i egyptologi under ei vitjing i Louvre som sjuåring. Som fjortenåring tok ho
avgjerda om å bli skodespelar. Mellom 1997 og 2000 studerte Green ved St. Paul
Drama School in Paris og var deretter 10 veker ved Webber Douglas Academy
of Dramatic Art i London. Green har også hatt kurs ved New York
University's Tisch School of the Arts i New York City.
Eva Green.
Mars 2014.
Foto: Charles Tylar.
WikiCommons
Medan ho studerte sa Green mellom
anna at "ho alltid plukka ut dei verkeleg vonde rollene. Det er ein fin måte å
handtere kvardagskjenslene dine på". Då ho kom attende til Paris spelte ho i
fleire skodespel, mellom anna i Jalousie en Trois Fax (2001), ein innsats
ho vart nominert til Molière Award for,
og i skodespelet Turcaret (2002).
For norsk publikum er Eva Green mest kjend i rolla som Artemisia i filmen
300: Rise of an Empire (2014). Ho har også vore med i ei rad andre
filmar, som Isabelle i The Dreamers (2003), som Sibylla
i Kingdom of Heaven (2005), som Vesper Lynd i James
Bond: Casino Royale (2006) og som Serafina Pekkala i The
Golden Compass (2007).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no