Morgan Freeman. Fødd 1. juni 1937 i
Memphis, Tennessee, USA. Amerikansk skodespelar i teater, film og røysteleggjing,
filmregissør. Freeman flytta fleire gonger gjennom sin tidlege barndom og budde i
Greenwood, Mississippi, i Gary, Indiana og tilslutt i Chicago, Illinois. Han gjekk på
skule ved Broad Street High School i Greenwood, i ein bygning som idag
gjev hus til Threadgill Elementary School. Då han var 12 år vann han ein nasjonal
dramakonkurranse og mens han gjekk på Broad Street High School var han med
i eit radioshow i Nashville, Tennessee.
Morgan Freeman.
Oktober 2006.
Foto: David Sifry.
WikiCommons
I 1955 var han ferdig ved Broad
Street. Men i staden for å fylgje eit dramastipend ved Jackson State University,
tok han teneste som radarteknikar i US Air Force.
Freeman debuterte som sceneskodespelar då han var ni år. Han spelte
hovudrolla i eit skulespel. Utover 1960-talet flytta Freeman etterkvart til Los Angeles,
California, der han tok skodespelarundervisning ved Pasadena Playhouse og
dansetimar i San Fransisco. I denne tida budde han også i New York City
der han arbeidde som dansar ved the 1964 World's Fair, og i San
Francisco, der han var medlem av the Opera Ring Musical Theater Group.
Freeman spelte også i ein turneversjon av The Royal Hunt of the Sun. I
1967 gjorde han sin off-Broadway-debut og spelte mot Viveca
Lindfors i The Nigger Lovers, om borgarrettargruppa
"Freedom Riders", I 1968 debuterte han på Broadway med Hello,
Dolly! i ein versjon med berre farga skodespelarar, der også Pearl
Bailey og Cab Calloway medverka.
Freeman heldt fram med å spele teater og fekk i 1980 Obie Award for
innsatsen i tittelrolla i Shakespeare
sitt skodespel Coriolanus. I 1984 fekk han sin andre Obie Award
for rolla som presten i The Gospel at Colonus, ei framsyning som var
skapt i New York City av den eksperimentelle teaterregissøren Lee Breuer.
Den tredje Obie Award fekk Freeman i rolla som sjåføren i Driving
Miss Daisy av Alfred Uhry i ei framsyning som også vart
innspelt i filmversjon i 1989.
Morgan Freeman har vore politisk aktiv i fleire samanhengar, og han støtta
presidentkandidaturet til Barrack Obama i 2008.
Den profilerte skodespelaren har
medverka i ei svært lang rekkje filmar. For eit norsk publikum er han mest kjend i rolla
som Lucius Fox i The Dark Knight Rises (2012), som
røysta til Vitruvius i Legofilmen (2014), i rolla som Lucius
Fox i The Dark Knight (2008), som Carter Chambers
i The Bucket List (2007), som Lucius Fox i Batman
Begins (2005), som President Tom Beck i Deep Impact
(1998), og som Ellis Boyd "Red" Redding og forteljaren
i The Shawshank Redemption (1994, "Regn av
fridom"/"Frihetens regn" på norsk).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no