|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram
>> |
D
| Drury
Lane Theater |
Teaterhus
i London, det eldste som framleis er i bruk i England. Bygd for
teatergruppa til Thomas Killigrew som ”The Royal Theatre” og opna 7.
mai
1663 etter løyve frå kong Karl 2. Øydelagt av brann i 1672, og opna att
i 1674 på den noverande tomta. Teatret spelte frå starten mellom anna
drama av John Dryden og William Congreve. Teatret får ein glansperiode
frå 1710 til 1734 under leiing av Colley Cibber, Robert Wilks og Thomas
Doggett. I 1747 tok David Garrick over teatret etter ein periode med
økonomisk vanstyre og fører det saman med James Lacy mot nye høgder.
Etter 30 år vert han etterfylgt av Richard Bringsley Sheridan. Han leia
teatret frå 1776 til 1788, med mellom anna John Philip Kemble og Sarah
Siddons som nøkkelskodespelarar. Teatret vart fornya og brannsikra i
1794, men brann på ny i 1812. I denne perioden stod Edmund Kean
sentralt. Mot slutten av 1800-talet er Augustus Harris, Dan Leno, Henry
Irving, Ellen Terry, Johnston Forbes-Robertson og Thomas Beecham
sentrale personar. Frå 1920-talet var teatret scene for
suksess-musikalar. Under 2. verdskrigen var teatret hovudkvarteret for
Entertainments National Service Association (ENSA).
Relatert link:
Wikipedia:
Drury Lane Theater
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|