![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
TEATERLØFT for Nord-Noreg Av Stein Kippersund
Bind 1: Teater utenfor folkeskikken. Nordnorsk teaterhistorie fra istid til 1971. Orkana 2006. ISBN 82-8104--010-6. 351 sider. Bind 2: Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971-2000. Orkana 2006. ISBN 82-8104--037-8. 416 sider. Når Jens Harald Eilertsen no har fullført verket om teater i Nord-Norge har han lagt lista høgt for andre som skal skrive historie om teaterinstitusjonar utanfor Oslo-gryta. Dei to mursteinane balanserer godt omsynet til grundig historisk dokumentasjon og perspektiv på den eine sida og til anekdoter og forteljarglede på den andre. Inndelinga i to band fell naturleg ved det naturlege vendepunktet som kjem gjennom etablering av Hålogaland Teater i 1971. Teaterforskaren Jon Nygaard innførte på 80-talet skillet mellom offisielt og uoffisielt teater som ein modell for å forstå teaterhistorie, eit perspektiv han sjølv nyttar i oversynsverket om teater i Europa. Revolusjonær start Den offisielle teaterhistoria i Nord byrjar nettopp gjennom den bortimot revolusjonære starten til Hålogaland Teater, med allmøtestyring, sjølvproduserte stykke og folkeleg språktilnærming. Det neste spranget langs denne lina kjem midt i kampen om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget, då det samiske teatret Beaivvás ser dagens lys. Slik sett er det eit viktig val at dei meir eller mindre dokumenterte og tydelege historielinene til dei uoffisielle formene forut for desse nøkkelinstitusjonane får god plass. Eilertsen tolkar historia til nordnorsk teater naturleg i samanheng med dei grunnleggjande utviklingstrekka i samfunnet som teaterformene spring ut av. Det er flott å sjå eit verk utfalde seg så kompleksfritt og sjølvmedvite frå ein posisjon som har møtt mykje hån og undertrykkande strategiar frå dei sentrale institusjonane. Tilknytninga til samfunnsutviklinga kunne nok likevel med fordel vore tydelegare, enkle faktaruter med nøkkeltal om folketal, næringsutvikling, geografisk mobilitet og liknande ville gitt eit løft til perspektivet for ein lesar som ikkje kjenner regionen. Men mursteinane er truleg tjukke nok for dei fleste, og forfattarens val forståeleg. Nasjonalt gjennomslag Som "søring", som knapt har vore, enn seie har sett teater i denne delen av fedrelandet, har eg i denne omgang ikkje høve til å gå dokumentasjon og utval til forfattaren etter i saumane. Men bøkene er spennande og inspirerande lesnad, disposisjonen er velbegrunna, biletbruken er rik, variert og apetittvekkjande, eg kjenner att mange av dei sentrale aktørane. Eit smart lite grep for studentar, journalistar og andre med hastverk er samandraget av kapitla i band 1. Dette kunne kanskje også hatt noko føre seg i band 2? Teater er ikkje film, men det er prisverdig at verket har fått med noko av historia om Nils Gaup og suksessfilmen Veiviseren. Dette prosjektet er nesten utan sidestykke i Noreg og hadde neppe lete seg realisere utan teatermobiliseringa i regionen. Andre søringar som les verket vil truleg også som meg verte overraska over kor mange av våre nasjonale scenekunstnarar som har praksis, fortid og forankring i nord. Elles er det moro å sjå kor mykje stoff som er å finne i denne regionen. Utvalet kan ikkje har vore heilt enkelt for Eilertsen og eg kan faktisk forstå dei som måtte meine seg forbigått i framstillinga på ein eller annan måte. Verket fyller slik sett ein viktig funksjon også for andre: Som eit tilknytningspunkt for debatt og supplering. Denne boka har sjølvsagt ikkje med seg alt! Men verket er eit sjeldant lukketreff av rett bok på rett stad til rett tid. Planten som vert skildra er korkje daud eller på museum - enno... Teater i ein framtidsregion Med sitt nye flotte teaterhus i Tromsø og dei to banda til Eilertsen ligg plattformen klar for alle som vil bruke han: Å skape band 3 av den nordnorske teatersoga, "live", gjennom vågale teaterprosjekt i ti-åra framover i møte med folket i ein region som er viktigare enn nokonsinne. Store strukturendringar som forvaltninga av Barentshavet og kommunikasjonen over dei nedbygde grensene på Nord-kalotten har såvidt byrja å rulle. Vi har truleg berre sett byrjinga på ein ny blomstringsperiode, vi får vone for meir enn bustadprisane i bystroka til regionen. Kva gjer teatret? Som ein skugge rykkjer oljeindustriens Mordor no inn også i nord. Ifylgje miljøforskarane skal det berre nokre små utslepp på feil tidspunkt til for å gi den sårbare arktiske faunaen banesår. Dersom ikkje vi forvaltar våre oljeressursar i nord på ein miljømessig forsvarleg måte, kva kan vi då vente av russarane, som har 20 gongar så mykje olje og gass? Nyleg såg eg den nye DVD-utgåva av Jon Michelets Orions belte. Den kalde krigen er nok over, men situasjonen i Nord-områda er kanskje meir uryddig enn nokonsinne. Problemstillingar, utfordringar og stoff skulle det med andre ord vere nok av: Kva meiner teatret? Er det berre å gi seg over til vekstrusen? Dette verket er i alle fall heilt naudsynt for alle som vil forstå norsk teater i vid forstand i notid og fortid, og det viktigaste teaterfaglege dokumentet her i landet sidan Jon Nygaards Teatrets historie i Europa. Det er berre å kople seg på dette lokomotivet, for alle som vil dokumentere norsk teater frå ein folkeleg synsstad i andre regionar. Stein
Kippersund |
Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no |