|
Noko som manglar...
Bollefisen var så våt. Han tømte skorne ute, før han tok dei på seg
igjen og kom heilt inn. Kva var det han ville? Skulle han berre stå
der og dryppa, eller?
- Eg kom til å tenka på noko, sa han.
- Javel? sa Oktava.
- Dette teateret ditt manglar noko.
- Er det rart? Når du berre går, så manglar vi jo prinsessa!
- Det var ikkje det eg tenkte på. Det var noko mykje viktigare. Noko
som alle teater har. Det er til og med det dei har mest av. Slik er
det iallfall i utlandet.
- Og kva er det, liksom?
- Publikum.
- Publikum?
- Ja. Nokon som ser på, og klappar når det er slutt.
- Ja, det er jammen sant, sa Oktava. - Det hadde eg gløymt heilt ut.
|
-
Derfor kan eg vera publikum, sa Bollefisen. - Sidan publikum er
svært viktig, og eg har litt greie på det, så er det vel best at eg
tar på meg den jobben.
- Nokon som berre ser på? sa Dustefjerten. - Kva er vitsen med det
då?
- Alle teater må ha publikum. Viss ikkje publikum kjem, så blir det
ikkje noko teater heller.
- Det er jo ikkje utlandet dette, sa Dustefjerten.
- Og vi må ha ei prinsesse, sa Oktava.
- Eg veit det! ropte andungen. - Eg er klok, for eg veit det!
- Kva veit du? sa Dustefjerten.
- Bollefisen er den nydelege prinsessa, så er Holesnusken publikum.
Frå Rune Belsvik: Dustefjerten og det store
bekketeatret. Cappelen 1992
Gjengitt med tillatelse fra forfatter og forlag |