FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / P

(annonse)

Denne side endret
16. november 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

P

Pullman, Bill
 

Del artikkelen |

William James "Bill" Pullman. Fødd 17. desember 1953 i Hornell, New York, USA. Skodespelar i teater, film, fjernsyn og røysteleggjing, dramatikar. Skodespelaren er aktuell i Noreg med tittelrolla i Othello ved Den Nationale Scene, med premiere 7. februar 2015. Regien er ved den norske stjerneregissøren Stein Winge.

Bill Pullman.
April 2007.
Foto: David Shankbone.
WikiCommons
Persbrandt2012WikiCommons-Crp.jpg (23254 bytes)

Etter å ha gått ut frå Hornell High School in 1971, byrja han på the State University of New York i Delhi (SUNY Delhi) og heldt fram ved the State University of New York i Oneonta gjennom 1970-åra. Han fekk til slutt sin Masters of Fine Arts frå the University of Massachusetts Amherst. Pullman underviste i teater ved SUNY og Montana State University's School of Film and Photography. Der vart han overtydd av studentane sine til å byrje med film, skal vi tru Wikipedia.

Gjennom 1980-talet arbeidde Pullman for det meste i teatergrupper rundt New York og Los Angeles. Frå februar 2001 til februar 2002 spelte Pullman i Edward Albee sitt skodespel The Goat med Mercedes Ruehl på Broadway. Skodespelet vant fleire prisar: I 2002 Tony Award for beste skodespel, i 2002 Drama Desk Award for framståande nytt skodespel, i 2003 Pulitzer Prize for Drama. Pullman vart nominert i 2002 i Drama Desk Award som framståande aktør i skodespel.

Pullman er også dramatikar, og det første skodespelet hans, Expedition 6, handlar om oppdraget Ekspedisjon 6 til den internasjonale romstasjonen. International Space Station mission Expedition 6 som var i verdsrommet på den tida då romferja Columbia havarerte. Skodespelet hadde premiere ved San Francisco's Magic Theater i september 2007.

Han spelte også i Broadway-produksjonen Oleanna av David Mamet mot Julia Stiles. Produksjonen hadde premiere ved John Golden Theatre 11. oktober 2009.

Pullman har vore med i mellom femti og hundre film- og fjernsynsproduksjonar. For norsk publikum er han mellom anna kjend frå Ruthless People (1986), Spaceballs (1987), The Serpent and the Rainbow og While You Were Sleeping (1995). I 1996 spelte han presidenten i USA i katastrofe-filmen Independence Day.

7. februar 2015 er det premiere på Othello ved DNS i Bergen (regi Stein Winge), der Bill Pullman spelar tittelrolla.

Kjelder:
Wikipedia

<< Tilbake 

  Fram >>

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no