|
|
 |
 |
Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
T
teater |
Frå gresk, theatron,
avleidd frå verbet theastai, "å sjå". I det antikke Hellas
var ordet nemninga på det området der tilskodarar sat og såg på kultisk-religiøse
spel. Opprinneleg var theatron ei skråning ned mot ein flatare, etterkvart rund
speleplass (orkhestra). Etterkvart vart
desse publikumsplassane bygde i tre og seinare i stein.
Idag dekkjer ordet teater samhandlingar mellom menneske der ein eller fleire aktørar
spelar ei rolle eller roller for eit publikum. Tradisjonelt vart ordet nytta om
samhandlingar som medvite kalla seg teater, særleg då institusjonelle eller offisielle teaterformer. Etter at
teatervitskapen vart fornya med samfunnsfaglege perspektiv og omgrep på 1980- og
1990-talet (Jon Nygaard, Universitetet i Oslo) dekkjer teater-omgrepet også ei rekkje
uoffisielle teaterformer.
I dette perspektivet er det heilt avgjerande at tilskodarar og aktørar er tilstades i
same rom på same tid, her og no, for at det kan kallast
teater. Føresetnaden er at påverknaden mellom tilskodarar og aktørar er gjensidig,
eller kan vere gjensidig. Det er ikkje berre aktøren som skaper rollen, publikum er
også medskapar. Kvar framsyning er difor unik og kan ikkje spelast på nytt på same
måte.
Teknologiske medier som fjernsyn (og fjernsynsteater), film og internett fell utanfor
omgrepet. Perspektivet opnar opp for og inkluderer forteljarformer, leik, sportshendingar,
møte, religiøse samankomstar og rituale, konsertar og andre live-arrangement. Mellom
anna fordi desse formene ikkje alltid sjølve kallar seg teater er det ikkje vanleg å
inkludere dei i omgrepet. Men fenomena har klare fellestrekk med teater, har ofte omlag
same samfunnsmessig funksjon, og kan også ha historiske parallellar til teaterformer.
Dette gjeld til dømes fotball.
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|