FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / S

(annonse)

Denne side endret
26. januar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

S

Slater, Christian

Del artikkelen |

Christian Michael Leonard Slater, fødd 18. august 1969 i New York City, USA. Amerikansk skodespelar i teater og film.

Christian Slater.
2006.
Foto: GabboT.
WikiCommons
ChristianSlater2006WikiCommonsCrp.jpg (27192 bytes)

Slater hadde sin scenedebut på Broadway i The Music Man (1980). Han har også medverka i Broadwayoppsetjingar som Copperfield, Merlin, Macbeth, Side Man og Glasmenasjeriet. På London's West End har han også medverka i Gaukereiret (One Flew Over the Cuckoo's Nest) og som Buddy i ein sceneversjon av Swimming With Sharks ved London's Vaudeville Theatre i oktober 2007.

Slater har medverka i eit stort tal filmar. For norsk publikum er Slater aktuell i rolla som far til hovedkarakteren Joe i den danske filmskaparen Lars von Trier sin film Nymphomaniac (2013). Han vart kjend i 1986 som filmskodespelar i rolla som den unge novisen Adso frå Melk i filmen Namnet til rosa (The Name of the Rose) der han spelte mot Sean Connery. Andre døme er Young Guns 2 (1990), Star Trek VI: The Undiscovered Country (1991), True Romance (1993), Intervju med vampyren: Vampyrkrønikene (Interview with the Vampire: The Vampire Chronicles - 1994), Broken Arrow (1996), Windtalkers (2002), The Confessor (2006).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no