Anne Jacqueline Hathaway. Fødd 12. november
1982, Brooklyn, New York. Amerikansk skodespelar i
teater, film, fjernsyn og røysteleggjing. Hathaway gjekk på Brooklyn Heights
Montessori School og Wyoming Elementary School i Millburn.
Hathaway vart uteksaminert frå Millburn High School, der ho var med i
mange skodespel. Rolla hennar som Winnifred i Once Upon a
Mattress gav henne Paper Mill Playhouse Rising Star Award nomination for
Best Performance by a High School Actress.
Ho brukte fleire semester ved Vassar
College in Poughkeepsie, New York før ho flytte over til New York
University's Gallatin School of Individualized Study. Ho har også studert ved the
American Academy of Dramatic Arts. Hathaway var den første tenåring som vart
teken inn på The Barrow Group Theater Company sitt skodespelarprogram.
I 1998 og 1999 song Hathaway sopran med All-Eastern U.S. High School Honors Chorus
ved Carnegie Hall og har også vore med i skodespel ved Seton
Hall Preparatory School i West Orange, New Jersey.
Hathaway er ein øvd sceneskodespelar og har også sagt at ho likar betre å spele
sceneroller enn å spele i film (Wikipedia). Sommaren 2009 spelte ho rolla som Viola
i Twelfth Night av Shakespeare
ved det store friluftsteateret Delacorte Theater i Central Park, midt i
New York. Saman med skodespelar Denzel Washington var Hathaway vert for Nobels
Fredspris-konserten i Oslo, 11. desember 2010.
I 2012 vart ho nominert til 2013 Audie Award for Best Solo Narration - Female
for lydbokinnspelinga av L. Frank Baum si bok The Wonderful
Wizard of Oz.
Hathaway har medverka i godt over 20 filmproduksjonar. For norsk filmpublikum er ho kjend
i rolla som Fantine i Les Misérables (2012) som gav
henne Oscar for beste kvinnelege birolle, som Selina Kyle
i The Dark Knight Rises (2012), som White Queen i Alice
in Wonderland (2010), som Maggie Murdock i Love &
Other Drugs (2010), som Andrea Sachs i The Devil Wears
Prada (2006) og som Lureen Newsome Twist i Brokeback
Mountain (2005).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no