FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / B

(annonse)

Denne side endret
5. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

B

Blunt, Emily

Del artikkelen |

Emily Olivia Leah Blunt. Fødd 23. februar 1983 i Roehampton i South West London, England. Skodespelar i teater, film og røysteleggjing. Blunt gjekk på skule på Ibstock Place School og byrja som 16-åring på Hurtwood House, ein privatskule kjend for programmet sitt i framføringskunst. Her vart ho oppdaga av ein agent.

Emily Blunt.
Oktober 2012.
Foto: gdcgraphics.
WikiCommons
EmilyBluntOkt2012-Crp.jpg (44061 bytes)

Blunt gjorde sin profesjonelle scenedebut i stykket The Royal Family. I 2002 heldt ho fram som teaterskodespelar, som Eugenie in Nicholas Wright sitt skodespel Vincent in Brixton ved the National Theatre, og som Julie i produksjonen av Romeo og Julie ved Indhu Rubasingham på Chichester Festival Theatre.

Blunt har frå 2003 medverka i mange filmar, og er best kjent for eit norsk publikum som Emily Charlton mot mellom andre Meryl Streep, Stanley Tucci og Anne Hathaway i The Devil Wears Prada (2006). For denne rolla fekk Blunt London Film Critics Circle Award for beste britiske birolle, og fleire nominasjonar i ulike kategoriar. Ho spelte også tittelrolla i The Young Victoria (2009) og prinsesse Mary i Gulliver's Travels (2010). Fleire filmar der skodespelaren medverkar er under produksjon i 2014: I Edge of Tomorrow er ho med som Rita Vrataski, i Into the Woods som kona til bakaren og i The Wind Rises som røysta til Nahoko Satomi.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no