FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne sida publisert
29. januar 2017

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Tida flyg i GODT LAG

Av Stein Kippersund

Danske Elisa Kragerup (40) har teke gode og kraftfulle grep om Dekameronen på Nationaltheatret. Den fornemme statusen som omgjev italienske Giovanni Boccaccio sitt omfattande klassiske verk har ikkje stogga regissøren. Djervt, sylskarpt og virtuost har ho skrella seg inn til den svært så jordnære og underhaldande teatrale kjernen i desse folkelege urforteljingane.

Del denne saken med andre!


Det handlar om erotikk, kjærleik, sex, svik, sjalusi, tvilsam og skiftande moral, skam, overmot, æresdrap, og mykje meir, utanfor Firenze i Italia under Svartedauden. Og om det er pest, kolera eller terror som er bakteppet i vår tid, Dekameronen har sitt å by på for levande menneske 650 år etter at teksten vart til: Ikkje minst humor i bøtter og spann.

170125-DekameronenPresse1-FotoSteffen Aarfing.jpg


Foto: Nationaltheatret, Steffen Aarfing. ©


Direkte og frodig scenografi: Scenograf og kostymedesignar Steffen Aarfing har samarbeida tett med regissør Kragerup. Dei fantasifulle og kreative løysingane fungerer godt, er dramaturgisk velplassert og losnar på smilebandet meir enn ein gong. Synet på til dømes hagereiskaper kan fort bli eit anna etter dette... Frå venstre: Marika Enstad, Anders Mordal (inne i frukta) og Heidi Goldmann.
 


Burlesk og sårt
Kragerup får fram heile registeret: Frå ellevill burlesk komedie, til sår tragisk ungdomskjærleik. Det er inspirerande og gledeleg å sjå ei så ungdommeleg leikande og likestilt skodespelargruppe. Skuldrene heng lågt og tida går fort i godt lag. Publikum blir bydd inn, i beste forstand. 

 

170125-DekameronenPresse2-FotoSteffen Aarfing.jpg


Foto:  Nationaltheatret, Steffen Aarfing. ©


Mafiabrørne til Lisabetta: I den sør-italienske byen Messina vert den rike og vakre Lisabetta kjærast med den kjekke og flinke tenaren Lorenzo. Det likar brørne til Lisabetta dårleg, og historia utviklar seg i klassisk mafiastil. Frå venstre Jonas Strand Gravli, Kjersti Tveterås, Selome Emnetu, Bernhard Arnø og Mattis Herman Nyquist. Denne femte historia frå fjerde dag i Dekameronen er også motivet i skodespelet Lisabettas brødre av Hans E. Kinck frå 1921. Kinck sitt skodespel vart sett opp av Suttungteatret i 1967 i regi av Torleif Kippersund, som også var skodespelar i oppsetjinga.
 


Fysisk og sanseleg
Etter Kragerup sin vellukka versjon av Ødipus av Sofokles på Skuespillhuset i København var forventningane høge. Som hos Sofokles er det pestepidemien som er bakteppet for handlinga også hos Boccaccio. I Ødipus det byen Theben som er staden for handlinga, i gresk mytisk tid. I Dekameronen er vi i Firenze under Svartedauden i 1348.

Den uforklarlege og skremmande sjukdommen drep folk i hopetal utan at nokon kan stogge han. Ti ungdommar har flykta ut på landsbygda i von om å overleve der til pesten har rasa frå seg. Medan verda går under i heimbyen held dei motet oppe med å fortelje kvarandre historier. Det blir ti kveldar, med ti ungdommar og ti historier kvar kveld. Eit overveldande materiale å ta tak i. Kragerup har med sikker hand vald ut sju forteljingar til adaptasjon for teater, som står godt til ein kveld i Nationaltheatret. Og ho tværar ikkje ut.
 

170125-DekameronenPresse3-FotoSteffen Aarfing.jpg


Foto:  Nationaltheatret, Steffen Aarfing. ©


Skodespelarar med stort register: Ensemblet i Kragerup si oppsetjing er samspelt på millimeternivå og får vist kva dei er gode for. Både som forteljarar, og som rolleframstillarar av karakterar og typar. Framsyninga krev mykje stemme og fysikk, men framstår likevel lett og leikande i formidlinga. Her er energiske Torbjørn Harr midt i ein drivande solistsekvens. 
 


Finslipt dynamikk
Saman med skodespelarane får ho det verkeleg til, også i Oslo. Ensemblet utstrålar kollektiv energi, med solistiske innslag prega av direkte og fysisk forteljarglede i god flyt og dialog. Det kan igjen sjå ut som om Kragerup har lete seg inspirere av det antikke koret og Dario Fo. Skodespelarane har rockebandet sin dynamikk og presisjon, har ein underliggande felles rytme som aktørane balanserer, sjonglerer og leikar seg på.

Ensemblet har klart å halde fast og finslipe element og frukter frå improvisasjonsmetodikken i innstuderingsarbeidet. Og resultatet framstår som nytt og friskt i beste tyding, tidlaust, morosamt og rørande. Kragerup og teamet hennar held fast ved det enkle og kraftfulle, også med omsyn til scenografi, kostymer og veltilpassa lyddesign. Framsyninga har også ein fin liten gest til interiøret i det ærverdige Nationaltheatret. Både skulpturar og maleri i salen gjev eit velklingande lite ekko attende til den skjemtfulle og sanselege forteljaren frå Firenze.


Stein Kippersund


Dekameronen
av Giovanni Boccaccio

Med: Kjersti Tveterås, Ulla Marie Broch / Mari Maurstad, Marika Enstad, Heidi Goldmann, Selome Emnetu, Mattis Herman Nyquist, Jonas Strand Gravli, Thorbjørn Harr, Bernhard Arnø og Anders Mordal.

Regi: Elisa Kragerup
Dramaturgi: Njål Helge Mjøs og Solveig Gade
Scenografi og kostymedesign: Steffen Aarfing
Lysdesignar: Magnus Mikaelsen
Koreografi: Kristian Støvind
Komponist: Gaute Tønder
Lyddesignar: Ken Theodorsen
Maskør: Greta Bremseth og Eva Sharp

Stad: Nationaltheatret, Hovedscenen Oslo.
Lengde: To timar og ti minutt med pause. 
Tidspunkt: Onsdag 25. januar 2017 (Premiere)

Premiere: 25. januar 2017. Siste oppsette framsyning: Onsdag 4. april 2017


Relaterte linkar:
Dekameronen, Nationaltheatret, Oslo

Tragedie og TIVOLI Av Stein Kippersund, Teaternett 22. oktober 2016

FORESTILLINGSKRITIKKER