FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne sida publisert
22. oktober 2016

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Tragedie og TIVOLI

Av Stein Kippersund

Hand i hand, tunge mot tunge i København. Skunda på, skunda på, no skal Ødipuskarusellen gå: "Du skal drepe far din, gifte deg med mor di og avle barn med henne". Det er vanskelig å gå for "amor fati" - elsk lagnaden din - med ein slik spådom hengande over hovudet. Og Ødipus freistar også å kome seg unna: Han flyktar frå det han trur er mor og far. Dermed går han rett i fella og oppfyller spådomen til punkt og prikke. Sfinxen kan le i bakgrunnen. Framsyninga til regissør Elisa Kragerup og hennar skodespelarar er i seg sjølv verd ein tur til Skuespilhuset før jul. Hvis det framleis er billettar ledige, siste framsyning er sett opp 14. desember.


Tragedia er verkeleg nok. Og ensemblet til Skuespilhuset ved Det Kongelige Teater i København har skapt ei samla og heil framsyning av dei ikoniske Sofoklesskodespela Ødipus og Antigone. Resultatet framstår både som direkte, forståeleg, underhaldande og aktuelt. 

161014-Oidpus1-SkpHusetFtNataschaThiaraRydvald.jpg


Foto: Det Kongelige Teater, Natascha Thiara Rydvald. ©


Koret i vitneboksen: Det er ikkje noko nedstøva, stivbeint, sidrumpa eller sjølvhøgtidleg over dei to ein gong så ærverdige skodespela til den antikke meister Sofokles. Regissør Elisa Kragerup har fått til eit spenstig ensemblespel mellom dei medverkande. Skodespelarane går saumlaust inn og ut av rollene sine og posisjonane i koret. Rollene har sterke individuelle særdrag. Spelet kommuniserer vel så mykje gjennom det fysiske, i handlingar, blikk og gestar, som gjennom replikkar og dialog. Leik og improvisasjon kjem også til sin rett. Men om forma er moderne, ja såvel postmoderne, er kjernen hos Kragerup tett på Sofokles. Sfinksens gåte "Kven går om morgenen på fire bein, om dagen på to og om kvelden på tre?" løyste Ødipus for oss. Men kva og kven er vi menneske eigentleg, kva driv oss, kva er vi istand til å gjere mot kvarandre? Kvifor? Og leikar gudane og lagnaden med oss?
 


Forførande og frivol
Framsyninga får fram den utrulege historia til familien Ødipus gjennom ein teatral leik. Samstundes får vi eit nært og nakent blikk på rollene gjennom ei forførande og fysisk studie av vendepunkt og  kommunikasjon. Designet på scenografi og kostymer byggjer opp under den frivole leiken. Under ein tilsynelatande idyll av glede, popcorn og laurdagsgotteri trykker den undertrykte spenninga uimotståeleg på i foreldre og barn-relasjonane. Og berre så det er sagt: Å høyre og forstå dansk tale frå scenen er ikkje noko problem i det heile.

 

161014-Oidpus2-SkpHusetFtNataschaThiaraRydvald.jpg


Foto: Det Kongelige Teater, Natascha Thiara Rydvald. ©


Mor og son, tunge mot tunge: Dronning Iokaste (Tammi Øst) og kong Ødipus (Peter Christoffersen) veit ikkje kor nært dei er i familie med kvarandre. Eit sentralt verkemiddel i skodespelet til Sofokles er den retrospektive eller tilbakeskodande forteljemåten. Steg for steg kjem den urovekkjande sanninga nærare og nærare hovedpersonane. "Spoiler-alert" er ikkje viktig: Publikum har frå første stund full innsikt i korleis det går, og merksemda ligg på korleis rollene reagerer på sanninga og på sin eigen lagnad.
 


Fysisk og sanseleg
Det er ikkje så ofte at musikk, scenografi og skodespelarar smeltar saman til ein flyt som minner oss på kvifor vi trass alt elskar teatret. Kragerup og ensemblet etablerer eit univers som vi blir dradd inn i, og som vi kjøper, eit slags tivoli i rocky horror- og freakshow-stil. Tanken går til Odinteatret sin fysiske og sanselege måte å skape teater på. Trass alt dette er tekst og dramaturgi finpussa, så historia i det heile blir fortalt glasklart. Og poesien er med. Med avslutninga i Antigone-delen - som Sofokles skreiv før Ødipus - får framsyninga ein truverdig politisk aktualitet, i tillegg til familietragedien. Dette er ei side ved skodespela som det er ei lang tolkingssoge på, ikkje minst i Sentral- og Aust-Europa. Mange vil sikkert hugse plassen Ødipus har i Milan Kundera sin roman Tilværelsens uutholdelige letthet frå 1983.

 

161014-SkpHusetFtDavidBorland.jpg


Foto: Det Kongelige Teater, David Borland. ©


Liggande skifer og raud fløyel: Den splitternye hovudsalen i Skuespilhuset (opna 2008, arkitektkontoret Lundgaard & Tranberg, som fekk RIBA European Award for 2008) har plass til 650 tilskodarar. Det gjer ikkje skam på designbyen København, sjølv om nummersystemet på radene kan få ein litt ut av fatning. Scenografen til Ødipus og AntigoneMaja Ravn, kontrasterer og speglar denne ultramoderne salen med ein trashy og nedsliten sal i samfunnshusstil som ramme for handlinga på scenen. Minimalistisk, og effektivt. Stolradene, i "retrobrunt", blir utnytta til fulle. 
 


Kinderegg
Denne framsyninga er eit kinderegg: Du får med deg eitt, ja faktisk to klassiske ikoniske skodespel, du får sjå ei intelligent moderne teaterframsyning med framståande scenekunst, både frå regi og skodespelarar. Skuespilhuset ligg fantastisk til med den like nye Operaen på andre sida av hamna. Og du kan slentre rett ut i det pulserande København med mat og drikke for eikvar tunge på kvart eit byhjørne. Her er bysyklar og høg hipsterfaktor, museum og turistmål fins både for rastlause sfinxmodernistar og hardcore marmortradisjonalistar.


Stein Kippersund


Ødipus og Antigone
av Sofokles

Med: Peter Christoffersen (Ødipus),  Tammi Øst (Iokaste), Maria Rossing (Antigone), Sicilia Gadborg (Ismene), Peter Plaugborg (Polyneikes), Mads Rømer Brolin-Tani (Eteokles), Karen-Lise Mynster (Kreon), Simon Bennebjerg (Haimon), Marie Dalsgaard (Tiresias), Lila Nobel (Hyrde og vakt), Rasmus Fruergaard (Korinter og korleder), Tore Nissen (Musiker).

Regi: Elisa Kragerup
Gjendikting: Niels Brunse
Bearbeiding: Elisa Kragerup og Johan Holm Mortensen
Dramaturgi: Johan Holm Mortensen
Scenografi og kostymedesign: Maja Ravn
Lysdesignar: Åsa Frankenberg
Lysmeister: Michael Franch

Koreografi: Signe Fabricius
Komponist: Jeanett Albeck
Lyddesignar: Jonas Vest
Maskør og parykk: Maria H. Johnsen og Josefine Larsen

Stad: Det Kongelige Teater - Skuespilhuset, København.
Lengde: Omlag 3 timar med introduksjon og pause. 
Tidspunkt: Fredag 14. oktober 2016

Premiere: 23. september 2016. Siste oppsette framsyning: Onsdag 14. desember 2016


Relaterte linkar:
Ødipus og Antigone, Det Kongelige Teater, København

Kongelig successtart: »Ødipus og Antigone« er et begavet, sjælerystende klassikerbrag Av Jakob Steen Olsen, Berlingske Tidende 25. september 2016

FORESTILLINGSKRITIKKER