FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
27. mars 2016

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Kjærleik i FRITT FALL

Av Stein Kippersund

I trua på kjærleiken har mange satsa alt, for så, ofte i seinaste laget, å finne ut at det ikkje var liv laga. Liv Ullmann forskar vidare i materialet til avdøde ven og ekssambuar Ingmar Bergman. Og både i livet og i kunsten er det fort gjort å bli hengande fast i fortida. Det er vanskeleg å sjå røyndomen i augo, og sleppe taket i tide.
 


Liv Ullmann spinn vidare på farar og fallgruver i kjærleik, kjærleikstap og sjalusi, eit tema spelt ut i til dømes filmen Troløs frå 2000. Filmen fekk blanda kritikk, men lukkast etter mi meining godt i å slutte seg til Ingmar Bergmans univers. Så godt at ordet "pastisj" fell inn i tanken. 

16011-Fortrolig-NatTh-ErikBerg3.jpg


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Ektemann under press: Kona Anna (Marte Engebrigtsen) fell for ein annan, og dermed er det fritt fall nedover fysisk, psykisk og sosialt for prest og ektemann Henrik. Sterk, moderne og truverdig tolking av Mattis Herman Nyquist.

 


Signatur
Det er elles ingen tvil om signaturen i framsyninga Fortrolige samtaler på Nationaltheatret. Det er historien til Ingmar Bergmans mor som er utgangspunktet. Med tekstar frå dagbøkene til filmregissøren og den hemmelege dagboka til mor hans, Karin. 

   

16011-Fortrolig-NatTh-ErikBerg4


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Trøyst hos skriftefar: Anna  (Marte Engebrigtsen) søker trøyst og støtte hos sin gamle konfirmasjonsprest og ven, Jacob, tolka av rutinerte Bjørn Skagestad. Jacob er også kollega og overordna for Anna sin ektemann Henrik.
 


Dialog og finspel
Fortrolige samtaler er ei nokså stillferdig framsyning, og byggjer i stor grad på tette dialogar mellom dei involverte. For å sikre at talen og finspelet til skodespelarane når ut vert det nytta myggmikrofonar. Og det er lett å skjøne at manuskriptet i utgangspunktet nok siktar mot filmmediet.

Utruskapsproblematikken er evig aktuell og kjem godt fram. Skal ein realisere seg sjølv når prisen er at familien går i oppløysing? Er graset grønare på den andre sida av gjerdet? Som ofte hjå Bergman er det spor etter Ibsen. Gregers Werle si ideale fordring på sanning i Vildanden finn vi kanskje ein atterklang i hos presten Jacob. I programmet til framsyninga vert dette tematisert vidare av Liv Ullmann i samtale med psykiater Finn Skårderud. Psykolog Sissel Gran er også invitert til å skrive om temaet.

 

16011-Fortrolig-NatTh-ErikBerg2.jpg


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Forteljarrøysta: Fjellstø veteran Kari Simonsen held fast tak i forteljinga, i ei framsyning som treng dette enkle og samlande grepet.
 

 


Meir nyanserikdom?
Ensemblet spelar godt og framsyninga gjev fint grunnlag for refleksjon og ettertanke. Framsyninga kunne etter mi meining tene på noko større nyanserikdom i uttrykket hjå hovudkarakteren. Teater stiller andre krav til skodespelaruttrykk enn film i så måte. Her balanserer film- og teaterregissør Ullmann hårfint på ein knivsegg. Scenografien er enkel og symbolsk, men fungerer. Siste sjanse for å sjå framsyninga i vår er laurdag 21. mai.


Stein Kippersund


Fortrolige samtaler
av Ingmar Bergman

Med: Marte Engebrigtsen (Anna),  Anneke von der Lippe (Marta), Mattis Herman Nyquist (Henrik), Liv Bernhoft Osa (Karin), Hermann Sabado (Tomas), Kari Simonsen (Fortelleren), Bjørn Skagestad (Jacob).

Regi: Liv Ullmann
Regiassistent: Einar Bjørge
Scenografi: Milja Salovaara

Kostymedesignar: Ingrid Nylander
Maskør: Ruth H. Norvik
Lysdesignar: Nick Schlieper
Lyddesignar: Nils Wingerei


Stad: Nationaltheatret - Hovedscenen, Oslo.
Lengde: Omlag 2 timar og 20 minutt med pause. 
Tidspunkt: Lørdag 16. januar 2016

Siste oppsette framsyning: Lørdag 21. mai 2016


Relaterte linkar:
Fortrolige samtaler, Nationaltheatret, Oslo

Fortrolighet for åpen scene Av Karen Frøsland Nystøyl. nrk.no, 10. januar 2016
 

FORESTILLINGSKRITIKKER