FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
8. mars 2016

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

HUNDEVAKT i teatret

Av Stein Kippersund

Premiera på Det norske teatret sitt mammutprosjekt Andre verdskrigen - natt i verda byrja laurdag klokka 23.45 og held fram til søndag kl 07.30. Til sjøs i gamle dagar vart tida mellom klokka 24.00 og 04.00 kalla "hundevakta". Nokre sjøfolk vil hevde at det er timane frå 04.00 og utover som er verst. For underteikna var det vel omlag ved sekstida på morgonkvisten at det vart vanskelegast å halde seg vaken og meistre kløen i beina. Freistnaden til Det norske teatret er viktig og ideen i prosjektet er god. Og den kunstnarlege signaturen held kvalitet i dei fleste ledd. Det må likevel gå an å spørje: Er omfanget til dette prosjektet naudsynt? 
 


Eg er ikkje så sikker på det. Det er eit motsetnadsfyllt materiale som ligg i prosjektet. Samstundes som framsyninga sikkert hadde blitt like god, ja betre, om ho var trimma ned til ein tredjedel, ligg det i røynda også materiale for fleire skodespel i prosjektet. Eg sette pris på mange av elementa i framsyninga, fekk mykje ut av ho og vart både rørt og rysta. 

160227-NattIVerda-DetNoTeat-L-PLorenz-2.jpg


Foto: Det norske teatret, L-P Lorentz. ©
 


Strødd med historier: Scenegolvet til framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda.er strødd med tusenvis av historier til enkeltmenneske som opplevde verdshistorias største menneskeskapte katastrofe. Millionar av menneske møtte krigen på uendeleg mange måtar. Mange møtte ufatteleg liding og død. Mange levde vidare, med merke for livstid på kropp og sjel. Dette tek framsyninga på største alvor.

 


Passivt publikum
Men. Kjensla av at dette formatet kan bli ein happening for happeningen si skuld snik seg nok innpå. Det er fortalt mange gode og solide historier om andre verdskrigen, i tallause historieverk lokalt og internasjonalt, i skjønnlitteratur, i dokumentarfilm og spelefilm. For ikkje å gløyme musikkverk: Temaet er innbakt i den no klassiske komposisjonen Different trains av Steve Reich frå 1988. Det er også laga gode teaterframsyningar, på mindre lerret enn dette. Kva er det så denne maratonforma til Ulfsby og co kan gje?
 

Teatret har som sitt fremste kjenneteikn at sjølve kunstforma er eit "her og no"-møte mellom menneske, med ei kontrakt om saman å skape eit kunstverk som blir til og forsvinn i same augneblinken. Eit raust utspel frå teaterensemblet altså, som inviterer, møter og samhandlar med sitt publikum.

I Andre verdskrigen - natt i verda ligg det ei felle i at sjølv om skodespelarane yter maksimalt i sitt maraton blir publikum si rolle diverre for passiv. Lengda på prosjektet understrekar dette. Med all respekt for gode pauser, med påfylling av mat og drikke, prat og myldring, som også er ein del av framsyninga. Det er vel med dette i bakhovudet at det er lagt inn ei debattøkt, med ulike aktørar i dei ulike framsyningane.

 

Ungdom i salen
På premierekvelden var det terrorforskar Tore Bjørgo som sat på podiet, saman med unge Faten Mahdi Al-Hussaini og Åsne Seierstad. Det er alltid interessant og lærerikt å høyre på Tore Bjørgo, som gjerne held foredrag når som helst og kvar som helst. Og Åsne Seierstad er skarpskodd og kompetent, sjølv om ho denne kvelden verka litt desorientert. Ho fall etter mi meining litt for lett for freistinga til å snakke fram sin eitt eige bokprosjekt på 22.juli-terroristen. Ho høyrde mindre på kva den innimellom noko politisk ukorrekte Faten Mahdi Al-Hussaini hadde på hjartet. Det var tankevekkjande mykje ungdom i salen, og det skjer vel ikkje kvar kveld i teatret? Det lever vel også framleis nordmenn som opplevde andre verdskrigen. Hadde det vore mogleg å trekkje dei meir aktivt inn i prosjektet? For all del, paneldebatten var ei heilt grei hending. Vansken er framleis at publikum si rolle er å sjå på, høyre på og framfor alt: Halde ut. Greit for ein vanleg scenekveld, men mykje meir utfordrande i sju og ein halv time.

Langt tilbake i tida var det eitpar teaterfornyarar som heitte Brecht og Boal. Begge ville sparke liv i publikum, og få dei direkte i tale, få dei til å delta, få dei til å handle. Kanskje smarttelefonar og appar kan brukast til meir i teatret enn å sende bilete av framsyninga på Instagram og Snapchat, slik det vart gjort på Folketeatret si De tre Musketerer i fjor? Når scenekarakterane innimellom skal gjere sine val, kva med noko så enkelt som eit direkte spørsmål til salen, "opp med handa dei som meiner at..."? Kva med å flytte seg til ulike scenerom?
   

160227-NattIVerda-DetNoTeat-L-PLorenz-1


Foto: Det norske teatret, L-P Lorentz. ©
 


Verknadsfull scenografi: Scenerommet til framsyninga er bygd på enkle, men slagkraftige element. Heile rommet er ein stor grå boks, som gjev assosiasjonar til betongbygningar, bunkerar og ruinar. Lyset og sjølve lysriggen vert nytta med stor variasjon. Alle inngangar og utgangar skjer gjennom opninga i framgrunnen av scenegolvet. Plastsekkar av ulik form og storleik vert også nytta som del av scenografien. Rommet gjev stor plass og handlefridom for skodespelarane. I forteljingane kan situasjonane skifte på ein augneblink. Framsyninga vert også halden oppe av eit kraftfullt og dynamisk lyddesign.
 


Møt interessante menneske
Sjølv om det heile blir i lengste laget, sit eg att med fleire verdfulle minne. Soga om den russiske postmannen, bygd som ei spøkelsessoge (Paul-Ottar Haga), sigøynarguten og genforskardoktoren frå helvete, glimtet frå Det norske teatret frå 1941, omnsbyggjaren si historie (Svein Tindberg) og kvinna som ventar på at mannen skal vende heim. Fascinert følgjer eg kvinna som freistar å "ta rundt" sjølvaste føraren av vondskapen. Ungjenta (Renate Reinsve), som rir på ei gås over Europa på leiting etter kjærasten, som ein slags Nils Holgersson over krigsmarerittet. 

Mindre oppglødd var eg nok for historietimane undervegs. Sluttsekvensen verka ikkje heilt forløyst for meg. Sekvensen frå "dramatikar" Joseph Goebbels blir eg usikker på - fortener denne teksten ein slik plass? Eller er det tøfft gjort å ta han med? Historia om sirkuselefanten som forvillar seg ut mellom frontlinene i Aust er spennande. Men her kan fella fort bli at fargerike "eksotiske" element får større vekt enn dei mykje omtalte forteljingane til "vanlege" folk. Eller kanskje det er motsett, at slike underlege soger vert katalysatorar for nettopp vanlege menneske. Og - kven er no eigentleg vanleg? Som det er sagt om kva som alt i alt blir kjerna i alle krigar: "Meet interesting people - and kill them".

 

160227-NattIVerda-DetNoTeat-L-PLorenz-3.jpg


Foto: Det norske teatret, L-P Lorentz. ©
 


Under grus og ruin...: Andre verdskrigen - natt i verda er ei framsyning som vil lyfte fram forteljingane til vanlege menneske. Det budde vel nokså små menneske i nokre av dei "store" personane i dette helvetet. Og sjølv om vi ikkje likar det, har dei fått ikonisk status, om enn som inkarnasjonar av det vonde. Her kjem ein av yppersteprestane til historias største draps- og dødskult krypande ut av bunkeren sin.
 

 


Bjørneboe?
Alt i alt, honnør til freistnaden. Prosjektet stiller seg opent til, med ei brei mosaikkflate av sterke inntrykk. Det gjer også framsyninga sårbar. Alt kan ikkje treffe alle, og ikkje like mykje, sjølv om det er noko her for alle. Så får det berre stå til at lengda på framsyninga vil måtte utfordre tålmodet til publikum. Kontrakta til denne framsyninga er uansett umogleg å innfri. Men Det norske teatret, Ulfsby og skodespelarensemblet gjer seg relevante i ordskiftet om krigen, ved å kaste seg uti, gjennom å utfordre grensene sine og ville det umoglege. Her går det ei klår line bakover til liknande prosjekt i huset, Bibelen, DraumkvedetMerlin og Keisar og Galilear for å nemne nokon.

Det er ingen grunn til å gje opp teatret, teaterspråket eller strevet for nye uttrykk. Vi treng slike freistnader. Så kven veit, kanskje det berre er å førebu seg på Bjørneboe-prosjektet Bestialitetens historie, som ei neste hundevakt frå Det norske teatret...?

Stein Kippersund



Andre verdskrigen - Natt i verda
av Lukas Bärfuss, David Greig, Oleg Bogaev og Maria Tryti Vennerød


Med: Svein Tindberg, Paul-Ottar Haga, Gjertrud Jynge, Geir Kvarme, Joachim Rafaelsen, Kaja Varjord, Oddgeir Thune, Frode Winther, Grethe Ryen, Unn Vibeke Hol, Kadir Talabani, Renate Reinsve
Omsetjing: Carl Morten Amundsen, Maria Tryti Vennerød og Ingrid Weme Nilsen
Regi: Erik Ulfsby
Dramaturg: Carl Morten Amundsen
Musikk- og lyddesign: Anna Sóley Tryggvadóttir
Scenografi og kostymedesignar: Milja Salovaara
Lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Lyddesignar: Vibeke Blydt-Hansen


Stad: Det norske teatret - Hovudscenen, Oslo.
Lengde: Omlag 7 timar og 30 minutt med to små pauser og ei hovudpause midt i. 
Tidspunkt: Lørdag 27. februar-søndag 28. februar 2016 (kl. 23.45-07.30)

Siste oppsette framsyning: Søndag 17. april 2016 (kl. 14)


Relaterte linkar:
Andre verdskrigen - Natt i verda, Det norske teatret, Oslo

Norsk krigsnatt som skakar om Av Lars Ring. Svenska Dagbladet, svd.se 4. mars 2016
Enkeltskjebner i inferno Av Mona Levin. Aftenposten nrk.no, osloby.no 1. mars 2016
Gjennom krigens natt Av Karen Frøsland Nystøyl. nrk.no, 28. februar 2016
Nattsvart om krig Av Jon Selås.  vg.no 28. februar 2016

FORESTILLINGSKRITIKKER