FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
13. februar 2016

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Det GODES problem?

Av Stein Kippersund

Er Idioten på Dramaten verd ein tur til Stockholm for ein norsk publikumar? Laurdag 9. april 2016 er den foreløpig siste framsyninga ved det svenske hovudstadsteatret. Det er utan tvil ambisiøst å lage ei meiningsfull dramatisering av den omfangsrike og komplekse romanen til den russiske klassikarkjempa Dostojevskij.
 



Det er opplagt grunn for ein teaterinteressert nordmann å sjå gode svenske skodespelarar live, og ikkje berre på filmlerretet. "Norden" som kulturell eining er i positiv utvikling. Mellom anna er det freistande å prøve det oppgraderte snøggtogsambandet Oslo-Stockholm. Stockholm er ein fantastisk by, som har mykje å by på til alle årets tider. Både det utrulege Vasamuseet og Gamla Stan er verdsarv så det held. 

Idioten_Dramaten-001.jpg (485351 bytes)


Foto: Dramaten, Roger Stenberg. ©
 


Omsverma: Nastasia (Marall Nasiri) i framgrunnen er den omsverma "femme fatale" i denne nytolkinga av Dostojevskij sin mursteinsroman. Slutten på framsyninga skal eg ikkje spoile, men den er tankevekkjande, og nokså annleis enn i originalen. Nasiri gjev til beste ei sterk rolle, og er ein skodespelar eg gjerne ser meir til.

 

Skodespelarar i toppklasse
"Kungliga Dramatiska Teatern", Dramaten, med skodespelarar i absolutt toppklasse, treng ein ikkje å spare til berre ein gong i livet, for "the Bucket list". Og Dramatens rykande ferske sjef, Eirik Stubø, er ikkje den einaste nordmannen som har slått seg til i den svenske hovudstaden.  

Idioten_Dramaten-002.jpg (901447 bytes)


Foto: Dramaten, Roger Stenberg. ©
 


Bryt med gullramma: Ulla Kassius er ansvarleg for scenografien. Den bryt temmeleg målretta med den tradisjonelle gullramma til ærverdige Dramaten. Dette er eit grep vi har sett oftare og oftare også på norske tradisjonsscener, ikkje minst på Nationaltheatret, i til dømes i Stafylokokktrilogien til Christopher Nielsen. Som vi ser, spelar Idioten seg ut ei "gråsone", ramma inn av ei gul og svart åtvarings- eller åstadsstripe. I høve til dei etiske tema og paradoksa som framsyninga tek opp er allegorien i scenografien innlysande. På biletet ser vi alle dei medverkande skodespelarane  i framsyninga.
 

Det perfekte menneske?
Det er eigentleg ikkje så mykje som minner om Dostojevskij sitt store verk etter mi meining, bortsett frå grovstrukturen i historia. Fyrst Mysjkin, "Idioten", kjem  tomhendt og ukjend heim frå eit sjukehusopphald i utlandet, til det som skal vere slekta hans. Han får innpass, og oppfører seg, for å seie det enkelt, som eit konsekvent godt menneske. Han er mild, snill og forståelsesfull i alle samanhengar, som den reinaste helgen. Han har epilepsi, og er svært kjenslevar for spenningane mellom menneska han møter. Anfall kan bli utløyst når Mysjkin kjenner at det er noko farleg i lufta.

Dei han er på vitjing hos er ikkje like heilage, for å seie det slik. Dei stel, kranglar, slæst, lyg, baktalar og mishandlar. Og Mysjkin verkar irriterande og provoserande. Ja, nokon tykkjer han også er falsk. Og er det heilt utan grunn? For er det mogleg å vere så gjennomført god heile tida?

I Geir Kjetsaa sitt etterord til den norske utgåva på Solum Forlag frå 2001 står det fylgjande:
"Romanens hovedidé er å fremstille det absolutt gode menneske," skriver Dostojevskij i et brev til sin niese. Knapt noen forfatter har lagt listen høyere. Oppgaven var "uendelig vanskelig": "I hele verden finnes det bare ett absolutt godt menneske: Kristus, og følgelig er bare eksistensen av denne ene, uendelig gode skikkelse et ufattelig under. Hele Johannesevangeliet er blitt til over denne tanke: Det ser hele underet i det godes fremtreden, i det fullkomnes legemliggjørelse i kjøtt og blod." (Idioten bind 2, side 321f).

Ikkje noko mindre altså, og Idioten er kanskje også rekna som den mest sjølvbiografiske av verka til Dostojevskij. Boka er skriven i Sveits og Italia mellom 1867 og 1869, medan forfattaren levde i djup naud og fattigdom, med stadige epileptiske anfall.

I norsk Wikipedia finn vi denne tankevekkjande tydinga av ordet "Idiot":
"et ord som kommer fra gresk ἰδιώτης (idiōtis), «en person som ikke er interessert i politikk», «en person uten yrkeskunnskaper» eller «en vanlig innbygger», fra ἴδιος (idios), «egen», «privat». Ordets latiniserte form er idiota, «ordinær person», i vulgærlatin utviklet det seg imidlertid til å betegne en «uutdannet eller uvitende person». Ordets moderne betydning og form stammer fra gammelfransk idiote. Det relaterte ordet idioti kan ha blitt dannet i analogi til ord av typen profeti (fra profet).

Framsyninga på Dramaten skaper undring og humor i dei ulike situasjonane og dilemmaene som vert presentert. Det er knapt opplagt at vi er samd med Mysjkin sine "gode løysingar" i eitt og alt, dei kan vere forståelege og "korrekte", men er dei realistiske og strengt tatt menneskelege?


Kleskoder og duppedingsar
Dostojevskij sitt originale verk byr på eit ordrikt og språkmektig mangfald av samtalar, tankar og situasjonar som framsyninga berre kan gjere eit smalt utval frå. Og ramma er flytta frå Russland på seint 1800-tal til eit meir moderne gjennomsnittleg nordisk miljø. Med alt vår tid kjenner av kleskoder og elektroniske duppedingsar. Eit av elementa er mange barn som statistar, dei sit eller nærmast ligg slengt rundt på alle kantar, i si eiga boble med høyreklokker og stirrer meir eller mindre tanketomt på mobil- eller nettbrettskjermane sine.

Sceneløysingane framstår som gjennomarbeidde, originale og velfungerande. Dei byggjer opp under ideen i framsyninga, er sterke utan å vere påtrengande. 

Idioten_Dramaten-003.jpg (631403 bytes)


Foto: Dramaten, Roger Stenberg. ©
 


Naken til skinnet: "Den som gjev til han tigg, skal bli slått til han ligg", heiter det i eit Shakespeareskodespel, så vidt eg hugsar. Fyrst Mysjkin (David Dencik) midt i biletet, den såkalla "Idioten", har ikkje mykje att når han har gjeve noko til alle rundt han. Kor langt kan "dei gode gjerningane" strekkje seg i ei verd der mange saknar mykje, og ingen får nok?
.

 

Ikkje så mykje Dostojevskij
Den som vil ha Dostojevskij sitt romanunivers Idioten må nok gå til kjelda og lese sjølv dei seks-sju hundre sidene. Men framsyninga til Dramaten har lete seg inspirere av eit stort verk, og laga ei tolking som har noko å gje i vår tid. Kampen mellom det gode og det vonde er mest krevande nettopp i gråsonen, med dilemmaer der svara ikkje er opplagte. Slik sett er det ikkje berre det vonde som er problemet, det er også vanskeleg å finne ut kva som er det gode.

​Slutten på framsyninga er interessant. Eg les den slik at det fornemme, nøytrale og harmoniske Sverige har kanskje hatt litt for enkle løysingar på kva det vil seie å vere god, utan at landet av den grunn er ein Idiot mellom nasjonane. Og kva med Noreg, Danmark, kva med Norden?

Om framsyninga etter mi meining ikkje har så mykje med Dostojevskij å gjere, så er det heilt greit. Den står stort sett godt på eigne bein.


Stein Kippersund



Idioten
av Mattias Andersson fritt etter Fjodor Dostojevskijs roman, i svensk omsetjing av Steffan Dahl

Med: David Dencik (Furst Mysjkin), Marall Nasiri (Nastasja), Alexej Manvelov (Ippolit), Björn Bengtsson (Rogozjin), Jennie Silfverhjem (Aglaja), Ardalan Esmaili, Carl Magnus Dellow, Kicki Bramberg, Ellen Jelinek, Andreas Rothlin Svennsson, Marie Richardsson, Tanja Lorentzon, Melinda Kinnaman, Jennie Silfverhjem, Per Mattsson
Regi: Mattias Andersson
Dramaturg: Emma Meyer Dunér
Musikk- og lyddesign: Anna Sóley Tryggvadóttir
Scenografi og kostyme: Ulla Kassius
Parykk og masker: Linda Hyllengren og Nathalie Pujol
Lys: Charlie Åström
Produsent: Benoit Malmberg


Stad: Kungliga Dramatiska Teatern (Dramaten) - Stora scenen, Stockholm.
Lengde: Omlag 3 timar og 10 minutt med pause
Tidspunkt: Lørdag, 31. oktober 2015

Siste oppsette framsyning: Lørdag 9. april 2016


Relatert link:
Idioten, Dramaten, Stockholm


FORESTILLINGSKRITIKKER