FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
2. mai 2015

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Fjåg OPERALEIK

Av Stein Kippersund

Didos klage, "Dido's Lament", er truleg det nummeret flest nordmenn kjenner til når det kjem til den engelske barokk-komponisten Henry Purcel (1659-1695). Sjølv desse er nok i fåtal. Purcel sitt verk Dido and Aeneas, som Dido's Lament er ein del av, er knapt med på norsk Topp 100 innan klassisk opera. Og legg vi til at dette er den mest kjende operaen til Purcel er det opplagt at her er det mykje upløgd mark. Torshovteatret og Sigrid Strøm Reibo sitt prosjekt Dido + Aeneas vil knapt føre til ein revolusjon i interessa for dette nisjefenomenet. Men finn gjerne vegen til Nationalteatret sin eksperimentscene på Oslo Aust: Der ventar det både uvanlege musikkopplevingar og god trim av lattermuskulaturen.
 



Torshovteatret og Reibo tek altså fatt i Purcel sitt gamalmodige verk med dødsforakt. Heile greia skal på beina, med musikk og engelsk tekst, greit. Men der sluttar respekten for antikvitetar og snurrepipperiar, og ein spretten teaterleik byrjar.

DidoAeneas-01.jpg (5800602 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Gisle Bjørneby. ©
 


Jenteskule: I Sigrid Strøm Reibo si oppsetjing Dido + Aeneas på Torshov handler det om sterke kjensler og ustyrlege drifter, og kva det fører med seg. Her Lena Kristin Ellingsen, som syng bra, i rolla som heks og slem skulejente mellom to sataniske geitemasker. For den som har sett den australske filmatiseringa av Macbeth frå 2006, regi Geoffrey Wright, dukkar det kanskje opp assosiasjonar. Purcel sin første opera hadde si første kjende oppføring på Josias Priest's girls' school i London sommaren 1688. Regissør Reibo tek utgangspunkt i jenteskulescenariet og utnyttar det meisterleg.

 

Flyktning frå Troja
Historia tek utgangspunkt i den romerske diktaren Vergil sitt klassiske epos Aeneiden. Den trojanske prinsen og kjekkasen Aeneas har med naud og neppe kome seg unna sluttkampane og massakren i heimbyen Troja. Saman med mennene sine har han flykta i eit skip, og lagt ut på ei lang sjøreise. Gudane har gjeve han i oppgåve å grunnleggje ein ny storby, sjølvaste Roma i Italia. Han møter mange farar på reisa, og må gå i land i storbyen Karthago. Der møter han dronninga Dido, som tek godt i mot han. Det går som det må gå, søt musikk oppstår og dei vert forelska.  

DidoAeneas-02.jpg (6106922 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Gisle Bjørneby. ©
 


Kjekkas: Prins Aeneas har flykta frå Troja etter samanbrotet og avslutninga på Trojanarkrigen. Christian Skolmen spelar den kjekke eventyraren. Som ein annan kjendis frå Trojanarkrigen, den utspekulerte Odyssevs, må også Aeneas leggje ut på ei farefull sjøreise. Etter alle strabasane smakar det med godt stell, god mat og villige kvinner. 
 

"A man's got to do..."
Men inga lukke varer evig. Gudane fylgjer med, og vert urolege for korleis det skal gå med oppdraget til Aeneas. Dei tek kontakt med han, og Aeneas gjer seg klar til å bryte opp på ny. Dido vert knust og tragedien er eit faktum.

Historia om Dido og Aeneas har alle ingrediensar som skal til for eit Hollywood-actionepos, i sverd- og sandalsjangeren. Kanskje noko slikt er på gang for alt eg veit: Til dømes som oppfylgjar etter Troy (frå 2004, regi Wolfgang Petersen) der Brad Pitt, Eric Bana og Orlando Bloom var sentrale i stjernegalleriet. Men dette er naturleg nok ikkje konseptet for Torshovgjengen, sjølv om r
omerske rustningar og faldeskjørt i skuleuniformer har meir til felles enn eg har tenkt på før. Reibo og co lagar jo ikkje film, men teater. Ho og ensemblet gjev oss den raske komiversjonen.

DidoAeneas-03.jpg (6246537 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Gisle Bjørneby. ©
 


Verste fiende: Korleis kom Dido opp i denne situasjonen? I Torshovteatret si oppsetjing er det nok Dido sjølv (Ågot Sendstad) som blir sin verste fiende, sjølv om både omgjevnadene, gudane og Aeneas byr på utfordringar.
 

Modig utprøving
Alt i alt er Dido + Aeneas eit vellukka prosjekt. Skodespelarane viser solid ensemblespel. Rollene vert tekne på djupaste alvor av aktørane, det løfter fram humoren og den tragikomiske dimensjonen. Dansarane frå Nasjonalballetten er eit flott og kraftfullt element, som tilfører fysisk energi, fantasi og presisjon. Dei byggjer opp under konseptet. Historia vert fortalt, men blir ikkje hovudsaka. Kostymering, maskering og rekvisittar er brukt motivert innanfor ein kreativ og fjåg teaterleik. Ikke utan snert: Cupido sine piler kan ha roser i eine enden og vere knivskarpe broddar i den andre.

Det er nærliggjande å tenkje seg at Purcel sjølv var i ein svært så utprøvande fase med denne operaen, før italienarane hadde gjort sitt inntog for fullt i England med sjangeren. Å skulle rekonstruere noko slikt etter hans intensjonar gjev knapt meining. Men å leike seg med det, i ei ny modig og profesjonell utprøving var bryet verdt. Og sjølv i komisk wrapping gjev Didos klage med Ågot Sendstad grunn til både ettertanke og medkjensle.  


Stein Kippersund



Dido + Aeneas
av Henry Purcel og Nahum Tate

Med: Ågot Sendstad (Dido), Christian Skolmen (Aeneas), Lena Kristin Ellingsen, Bernhard Arnø, Kristian Alm, Kristian Støvind, Ole Willy Falkhaugen,
Musikere: Simon Revholt, (Kapellmester), Lise Voldsdal, Kaja Fjellberg Pettersen, Morten Michelsen, Jan Bunes.
Regi: Sigrid Strøm Reibo
Dramaturg: Njål Helge Helge Mjøs
Koreografi: Oleg Glushkov
Scenografi: Milja Salovaara
Musikalsk ansvarlig: Simon Revholt
Kostymedesign:
Milja Salovaara
Maskør: Greta Bremseth
Rekvisitør: Pelle Enebro
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lysmester: Per Roald Sand
Produsent: Ola A. Neegaard
Inspisient:
Claudio Aiello

Stad: Nationaltheatret - Torshov, Oslo.
Lengde: Omlag ein time og 10 minutt utan pause
Tid: Fredag, 18. april 2015

Relaterte linker:
Dido + Aeneas , Nationaltheatret Torshov Oslo


FORESTILLINGSKRITIKKER