FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
25. mars 2015

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Oppvarma REALISME

Av Stein Kippersund

Nationaltheatret har henta fram Robert Hare sitt skodespel Skylight frå 1995. Kokken Kjetil Bang-Hansen er sett på jobben. Og vips har vi eit stykke nyoppvarma, lun engelsk kjøkkenrealisme, på norsk.



Men restemat, eller "klassikar" som det også vert kalla, skal ein ikkje kaste frå seg utan vidare. Med gjennomført scenografi i stor skala og Lasse Lindtner i berande rolle er dette blitt eit spennande skodespel som er vel verd å få med seg.

NAT-SKYLIGHT_Foto-Erik-Berg-01.jpg (11074866 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Lærar på austkanten
: Den vellukka aldrande forretningsmannen Tom Sergeant (Lasse Lindtner) vitjar eksen sin, Kyra Hollis (Marte Engebrigtsen) i hennar spartanske husvære.
Alice, kona til Tom døydde av kreft etter at Tom og Kyra hadde hatt eit tilhøve til kvarandre i seks år. Medan Kyra nærmast var ei dotter i huset til dei to.


Læraren og restaurantkongen
Handlinga spelar seg ut i London. Men avstanden over til Skandinavia og til dømes Oslo er ikkje større enn at det er lett å kjenne seg att. Både i samfunnet som dannar bakteppet, og i konfliktliner og klasseskilje mellom læraren og restaurantkongen. Livshaldningar, kjærleik, samliv og utruskap er tema som finn klangbotn over heile kloda.

Spørsmålet reiser seg likevel: Ville det skjerpa framsyninga dersom tilpasninga av stykket hadde teke steget fullt ut? At scenariet rett og slett hadde vorte lagt til ein norsk storby? Sjølv om dette for alt eg veit kanskje ikkje ville vore mogleg, av opphavsrettslege tilhøve?

Skylight hadde premiere i Noreg 1995 på Nationaltheatret, med Carl Jørgen Kiønig som regissør. Skodespelarar den gongen var Nils Ole Oftebro, Liv Heløe og Kåre Conradi.Same året hadde Skylight fått Laurence Olivier Award for beste nye skodespel i 1995 etter premiera i London.  

NAT-SKYLIGHT_Foto-Erik-Berg-02.jpg (10398389 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Kjærleik, eller...?:
- Det fins ulikskapar i alle tilhøve, alle lever vi med det. Sjølv etter ei  skilsmisse er du i eit tilhøve til det mennesket du var gift med, det kjem berre an på form, seier den engelske dramatikaren David Hare i programmet til Skylight på Nationaltheatret.

Chili-realisme
Det er freistande å kalle Skylight for "ny-ny-ny-realisme", noko ikkje minst scenografien byggjer opp til. Her er det lagt arbeid i små detaljar som varmeomn, komfyr og kjøkkenutstyr. Maten blir laga på scenen, det vert skore opp både kvitlauk og chili, det ryk av tekokaren. Vi sakna berre matlukta! Det scenografiske hovudgrepet med å byggje blokkhusværet inn i gullramma på Hovudscenen er vellukka og tener formålet.

Samstundes er realismen selektiv: Dei gjennomsynlege veggane opnar opp for storbyrommet, med arkitektur, utsikt til himmelen, regn og snø. Fint grep! Regissør Kjetil Bang-Hansen er alltid nøye i samspelet med scenografen. Og løysinga til Even Børsum er ei flott og ide-eggjande ramme å lage spelet i.

Hovudscenen vert likevel krevande, og litt avslørande, for ei framsyning som i utgangspunktet nok har vore eit småscenestykke eller kammerspel. Scenen blir ei skummel felle for skodespelarane: Eit realistisk intimspel mellom aktørane kan kome i konflikt med det trivielle omsynet til å rekkje heilt ut i salen. Dagen etter premiera var ikkje dette heilt på plass. Kveldens framsyning opna også litt "tamt", men spelte seg opp utover. Etter mi meining er det meir å hente her.

Thai chi mot buldrebasse
Det meste når likevel fram: Godt og tett samspel mellom Lindtner og Engebrigtsen, den godslege og frodige buldrebassen på den eine sida og den finslege, presise florettfektaren på den andre. Lindtner tek heile rommet inn i armane sine. Vevre Engebrigtsen posisjonerer seg nærmast på thai chi-vis, seier mindre, lyttar meir. Ho får uttrykt svært så mykje med attityde og ansiktsmimikk.

I forbifarten slår også tanken inn at det ville vore ein brukbar idé å filmatisere dette stykket. Underteikna har ikkje funne nokon filmversjon, men har kanskje ikke leita godt nok?

Kontrasten mellom dei to typane gjev god dynamikk til framsyninga, og får det innimellom til å gneiste skikkeleg. Yang og Yin, kven er eigentleg den sterkaste av dei to, når det kjem til stykket? Og til siste slutt er vi vel ikkje heilt sikre på kven vi "heiar" på. Dei to vil då heller ikkje kvarandre direkte noko vondt. Samtalen handlar om grunnleggjande verdiar, kommunikasjon, tolkningar og ikkje minst: Om mistydingar.

Humor
er det massevis av. Det er eit slags halvlett feel good-konsept dette her, og tanken slår av og til inn om at det trass alt er rom for at framsyninga kunne vore råare, røffare, kvassare og noko meir brutal. At det rett og slett stod meir på spel for rollene.

NAT-SKYLIGHT_Foto-Erik-Berg-03.jpg (14179805 bytes)


Foto: Nationaltheatret, Erik Berg. ©
 


Stesonen:
Edward Sergeant (Thomas Ottersen) er stesonen til Kyra Hollis (Marte Engebrigtsen). Han saknar henne, og kjem på vitjing.

Til filmlerretet?
Det er for tida litt snakk om norske skodespelarar i Hollywood. Ikkje veit eg kva Lasse Lindtner og Marte Engebrigtsen har av planar. Men både gamle, gode amerikanske Jack Nicholson og flotte engelske Natalie Dormer kan fort få norske arvtakarar, konkurrentar eller tvillingar på filmlerretet. Dersom castingfolka kastar eit lite blikk mot Noreg då. Eller i det minste tek seg jobben med å sjå Skylight på norsk.

Stein Kippersund



Skylight
av David Hare
omsett av Kjetil Bang-Hansen

Med: Lasse Lindtner (Tom Sergeant), Marte Engebrigtsen (Kyra Hollis) og Thomas Ottersen (Edward Sergeant).
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Dramaturg: Kristian Lykkeslet Strømskag
Scenografi: Even Børsum
Kostymedesign:
Ingrid Nylander
Maskør: Ruth H. Norvik
Rekvisitør: Laila Kristo
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lysmester: Petter Steen
Lydansvarlig: Hågen Rørmark
Produsent: Truls Kwetzinsky
Inspisient:
Kine Sørbøe

Stad:
Nationaltheatret, Oslo.
Lengde: 
Omlag to timar og 25 minutt med pause
Tid: Fredag, 20. mars 2015

Relaterte linker:
Skylight, Nationaltheatret Oslo


FORESTILLINGSKRITIKKER