|
|
 |
 |
Back to the EIGHTIES
Av
Stein Kippersund
Den som har levd på 1980-talet må faktisk få med seg
framsyninga De tre musketerer på Folketeatret i Oslo. For å vere sikker på å
ha fått med seg tiåret, rett og slett. Konseptet med å køyre den kjende røvarhistoria
til Alexandre Dumas den eldre i blender med musikk frå 1980-talet fungerer verkeleg. Det
er ein framifrå og gjennomført ide frå regissør Alexander Mørk-Eidem og laget hans,
og sit som den skal.
Det er ikkje det minste rart at då Mørk-Eidem sette opp den same framsyninga i Stockholm
på Stadsteatern i 2009 forsvann 30 000 billettar som
dogg for sol, etter fire timar. Ein av tidenes største scenesuksessar i Sverige
var eit faktum.
 |
Foto: Folketeatret. ©
|
Eineveldig: " - For det er eg som er kongen, er det ikkje? - Jau, desverre
så er det det!" Ludvig XIII, spelt av Trond Fausa Aurvåg tykkjer
det kan vere vanskeleg å styre, men likar å få det som han vil. Ikkje minst er det
kjekt å plage kardinal Richlieu. Regi Alexander Mørk Eidem.
|
Saccosekken
Korkje den franske klassisismen, dei tre musketerane, sacco-sekkar
eller 1980-talet blir det same etter dette. Framsyninga fylgjer det
opprinnelege hovudplottet til Alexandre Dumas. Handlinga er kraftfullt, presist og elegant
knytt saman med eit fyrverkeri av større og mindre referansar til musikk og film på
åttitalet. Vi får smakebitar og referansar frå Monte Python til Pretty
in Pink, via "Dirty dancing" til Alice Cooper.
Skal det pirkast på noko måtte det vere at referansar til Dynastiet
manglar, for dei mest hardkokte 80-talsfetisjistane. Det er elles ikkje utan grunn at det
tok fleire år for Mørk-Eidem å få alle musikkavtalar i boks med komponistar, artistar
og andre med opphavsrettar til låtane.
Flotte penisfutteral
Makeup, parykkar og kostyme er i seg sjølv verd ei vitjing på De tre musketerer.
Overdådig er ordet, langt inn i det absurde, her har kostymeavdelinga ikkje nekta
seg noko, og fått alt dei ville ha. Lær, lakk, skinn, blonder, gull og glitter
i alle fargar og former. Det er nok fleire tilskodarar som ville gjeve mykje for eit av
dei flotte penisfutterala til gutane på scenen. Når gjekk slike futteral eigentleg av
moten? Når og kvifor slutta folk å gå med det? Sikre framtidige vinnarar i
selskapslivet!
 |
Foto: Folketeatret. ©
|
"Musiketerar": Gitar og kårde i beltet, fekting og rock'n roll
er to sider av same sak i framsyninga til Alexander Mørk-Eidem. Store ego,
kraftfulle poseringar og vill framferd, det skal synast
at ein er i live... Her d'Artagnan (Benjamin Helstad)
saman med den legendariske trioen Athos (Henrik Rafaelsen), Aramis
(Mattis Herman Nyquist) og Porthos (Robert Skjærstad).
|
Nader
Khademi
Ide og konsept er framifrå, men er også avhengig av at både musikarar, dansarar og
skodespelarar klarer å fylle det. Stort sett går det glimrande, med høgt tempo,
massevis av energi, og millimeterpresisjon.
Det fell naturleg å nemne Nader Khademi som gjennomfører ei ellevill og
rasande morsom utgåve av Rochefort, leiaren for den skumle kardinal
Richlieu sin garde, rivalane til musketerane. Det er skilnad på å vere "dum og
deilig" og "vond og deilig", må vite, stor skilnad. Trond Fausa
Aurvåg si framstilling av kong Ludvig XIII er også eit solid berande element i
komikken til framsyninga.
Musketerane er jo frå Dumas si side eit macho-lag, men utan kvinner i leiken blir det
smått stell. Både Andrea Bræin Hovig (Caroline), Ellen Dorrit
Petersen (Mylady) og Kjersti Botn Sandal (dronninga) er
fjellstøe, med roller som er løfta opp, samanlikna med originalstoryen. Musikarane, Øystein
Tengesdal, Jens Thoresen, Bendik Eide og Roger
Williamsen, har hendene fulle. Dei kvitterer med innsats som det berre er å løfte
på parykken for. Litt meir varierande er det med songkvalitetane til artistane,
for dei som vil pirke. Men bestått over heile fjøla.
Også punk
Framsyninga kviler naturleg nok tungt på musikalsk attkjenning, burlesk
komedie og kjapp, lett vulgær humor. Men det fungerer, ikkje minst som retropakke mot
80-talet. Uhøgtidleg og gjennomarbeidd i fullt alvor, med vekt på fasade og stil.
Og eit og anna alvorsglimt innimellom. Vi får elles ikkje berre glam og puddelrock: Det
blir også punk, når du kanskje minst ventar det.
Dumas si musketer-soge er alt anna enn eit feministisk manifest. Sett det litt på spissen
handlar soga faktisk om fire menn som på særs tvilsam juridisk grunn tek livet
av ei sterk kvinne. Dette er tona ned i tolkninga, naturleg nok. Men temaet kan
no ligge der og gnage litt, som ei utfordring for framtidige musketer-epos. I denne
underhaldande framsyninga gjer i alle fall kvinnene seg meir gjeldande enn som demoniserte
hekser og skuldlause offer. Og den beste og mest elegante fektescena, den
stod jentene for.
Stein Kippersund
De tre musketerer
av Alexander
Mørk-Eidem
basert på roman av Alexandre Dumas den eldre
Med: Benjamin Helstad (d'Artagnan), Mattis Herman Nyquist
(Aramis), Henrik Rafaelsen (Athos),Robert Skjærstad
(Porthos), Andrea Bræin Hovig (Caroline Bonacieux), Trond Fausa
Aurvåg (Kong Ludvig XIII/Hertugen av Buckingham), Kjersti Botn Sandal
(Dronningen), Ellen Dorrit Petersen (Mylady), Eindride Eidsvold
(Kardinalen), Nader Khademi (Rochefort), Trond Høvik
(Kaptein de Treville/Boris Bonacieux), Atle Karsten Solberg
(Mor/ensemble), Samuel Brandt (Jussak/ensemble), Håkon Sigernes
(Felton/ensemble), Geir Gundersen (far/ensemble). Øvrig ensemble Bjørnar
Reime Erlandsen, Rosie Grønvoll, Anne Guri Tvedt,
Solveig Andsnes, Julia Seim Grønningsæter og Dagne
Haaland Bjørnstad.
Regi: Alexander Mørk-Eidem, Linn Olsen (regiassistent)
Koreografi: Roine Söderlundh
Scenografi: Erlend Birkeland, Maria Ducassa (assistent)
Kostymedesign: Maria Gyllenhoff
Maske og parykk: Haakon Sitje
Rekvisitør: Sandra Løvsland
Lysdesign: William Wenner
Lysmester: Lars Lunder
Lydansvarlig: Ulf Erlend Haave
Lyddesign: Øystein Tengesdal
Musikalsk ansvarlig: Andreas Utnem
Band: Øystein Tengesdal (trommer), Jens Thoresen
(gitar), Bendik Eide (keyboard), Roger Williamsen (Bass)
Inspisient: Kristine Hammerstørm Langstrand
Stad:Folketeatret, Oslo.
Lengde: Omlag
tre timar med pause
Tid: Laurdag, 7. mars 2015
Relaterte linker:
De tre musketerer, Oslo
FORESTILLINGSKRITIKKER |
|
|