FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
6. mars 2015

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

Tsjekkisk BOHÈME med sjarm

Av Stein Kippersund

Det byrjar å bli ei stund sidan Puccini sin opera La Bohème hadde italiensk urpremiere i Torino, 1. februar 1896. Den som ikkje likar opera skal stålsetje seg for ikkje å verte sjarmert av denne sørgjelege kjærleikssoga. La Bohème er eit av dei typiske uttrykka for verismen, ein variant av realisme eller naturalisme i den italienske folkelege operatradisjonen.
 



Sjarmerande er også ordet for den pågåande oppsetjinga ved vakre Statní Opera i Praha, Tsjekkia. La Bohème av Puccini kler verkeleg det eventyrleg vakre operahuset. Iscenesetjinga er nokså tradisjonell, men tvers gjennom solid. Tolkninga er mjukt transparent i høve til det ikoniske bybiletet i den tsjekkiske hovudstaden.

la-boheme-so-3-StatniOperaPrgCpr.jpg (71456 bytes)


Foto: Statní Opera, Praha, Tsjekkia. ©
 


"For ei kald lita hand":
Den fattige syjenta Mimi kjem på vitjing, og ho og diktaren Rodolfo vert forelska i kvarandre. Men Mimi har tuberkulose, og kjærleiken mellom dei to får tøffe utfordringar.

Det tok også berre vel to år frå urpremiera i Torino til nasjonalmedvitne tsjekkarar trykte Puccini sitt verk til brystet. 27. februar 1898 gjekk verket over scenen i Nasjonalteatret (Narodní Divadlo). 3. mai ti år seinare, i 1908, fekk La Bohème også premiere i bygningen til det som den gongen var Det nye tyske teatret, og som i dag er Praha Statní Opera.

Fattige kunstnarar

Sjølve ordet "bohem" kjem då også frå det franske ordet på Böhmen, "Bohême". Det er det same som den nordvestlege delen av dagens Tsjekkia. Böhmen vart, noko feilaktig, sett på som heimlandet til sigøynarene. Kunstnarar frå Böhmen hadde også ry på seg for å vere fattigslig kledd, og at dei levde liva sine uavhengig av normene som elles rådde mellom kunstnarane i Paris. Utover 1800-talet vart nemninga "bohem" dekkjande for grupperingar eller underkulturane av kunstnarar, forfattarar, radikale og andre som hadde ein livsstil frie frå konvensjonelle normer. Noko dei sjølve var stolte av.

la-boheme-so-2-StatniOperaPrgCpr.jpg (99983 bytes)


Foto: Statní Opera, Praha, Tsjekkia. ©
 


Uteliv:
Andre akt i La Bohème utspelar seg på Café Momus. Her er Musetta i sentrum for det sosiale livet og merksemda til sine mannlege beundrarar.

Absint
Den grøne drikken absint vert knytt til bohemen, og er i vanleg sal i Praha. Men sidan den gjerne er på 70 prosent eller meir kjem den inn under narkotikalovene, og er ulovleg å innføre til Noreg.

I Noreg er bohem-omgrepet særleg knytt til den såkalla Kristiana-bohemen frå slutten av 1800-talet. Den bestod av ei gruppe på om lag 20-30 profilerte kunstnarar og kulturpersonlegdomar, mellom andre Hans Jæger, Oda Lasson og Christian Krohg.

la-boheme-so1-StatniOperaPrgCpr.jpg (76426 bytes)


Foto: Statní Opera, Praha, Tsjekkia. ©
 


Fattige kunstnarar:
 I Prahaversjonen av La Bohème har dei fire venene Rodolfo, Marcello, Schaunard og Colline blitt flytta frå eit iskaldt loft til ein like kald og ugjestmild kjellar. Men dei held humøret oppe, og når Schaunard på sjølvaste Julekvelden får eit uventa honorar er det duka for fest.

Gjennom kloakken
Etter premiera ved Teatro Regio i Torino vart La Bohème raskt sett opp over heile Europa. Mottakinga var i byrjinga svært blanda. Kritikarane himla med auga, eller latterleggjorde verket. "Å skrive ein kritikk om denne typen fenomen er omtrent like interessant som å vasse gjennom kloakken i ein storby", skreiv den tsjekkiske meldaren Karel Knittl etter den tsjekkiske urframføringa i 1898. Og han var ikkje den einaste.

Men La Bohéme fall i gunst hjå den viktigaste dommaren: Publikum. Folk strøymde entusiastisk til overalt der operaen vart sett opp. Snart sigla La Bohème opp som eit av dei mest sjølvsagte verka på speleplanane til operahusa i heile verda.

MarieFajtova-StatniOperaPrgCz-Cr-Crp.jpg (13585 bytes)


Foto: Statní Opera, Praha, Tsjekkia. ©
 


Musetta:
Sopranen Marie Fajtová spelar den lettliva og elegante bohemprinsessa.

Naturalisme
Det er romanen La Vie de Bohème av franske Henri Murger som er grunnlaget for Puccini sin opera i fire akter. Librettoen er av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica. Verket vert rekna innanfor den italienske retninga verismen (frå "vero" - verkeleg). Dette var ein parallell til realismen, og særleg naturalismen, innanfor litteratur og teater elles i Europa. Retninga sette søkelys på røyndomen, inspirert mellom anna av Henrik Ibsen sine problemdrama.

Ikkje mindre enn tre verdskjende operanummer kjem på rekkje og rad allereie i første akt: «Che gelida manina» (Rodolfo), «Si mi chiamano Mimi» (Mimi) og «O soave fanciulla» (Rodolfo og Mimi).

Handlingen går føre seg mellom kunstnarar i Paris, Latinarkvarteret, på 1830-talet. Det heile er bygd opp rundt kjærleikshistoria mellom den kvinnelege syarbeidaren Mimi og den unge diktaren Rodolfo. Det er Julekvelden og dei tre venene til Rodolf har gått på byen for å feire eit ekstra honorar til venen Schaunard. Rodolfo er ikkje i stemning og vil vere heime og arbeide. Då bankar det på døra, og syjenta Mimi kjem inn. Ho har mista nøkkelen til husveret sitt, seier ho. Dei to  fortel historiene sine til kvarandre og vert forelska. Snart fylgjer dei etter dei andre til Café Momus, et festmiddag og møter Musetta, ekskjærasten til Rodolfo sin ven Marcello. Den lettliva og utadvendte Musetta byttar ofte kjærast. Men når ho skjønar at vennegjengen har fått pengar, blir ho med Marcello igjen.

PrahaStatniOpera2003-WikiComPraefckeCr.jpg (92583 bytes)


Foto: Andreas Praefcke 2003. WikiCommons.
 


Praha Statsopera:
 Den vakre bygningen til det ærverdige operahuset i Praha ligg i gata Wilsonova 4. Operaen ligg like ved dei kjende signalbygningane til det tsjekkiske Nasjonalmuseet, nær hovedgata Vaclávské Naměstí, og tett ved hovudjernbanestasjonen i Praha.

Internasjonalt operarepertoar
Det fine med operavitjingar i utlandet er at du ikkje i same grad som teater er avhengig av å forstå det nasjonale språket. Du kan likevel ha full glede av handlinga og ikkje minst musikken. Operarepertoaret og operaspråket er som regel internasjonalt. Det gjeld ikkje minst for La Bohème. Du kan lytte deg opp mot opplevinga på førehand heime i stova.

Prahaversjonen av La Bohème vert sunge på italiensk, og har skjerm med tekst på engelsk og tsjekkisk over prosceniet. Iscenesetjinga som no går hadde premiere 23. oktober 2008. Dei neste framsyningane i Praha er 25. mars, 9. april, 5. mai, 30. august og 25. september.

Stein Kippersund

LaBohemeTsjk-pnt-crp.jpg (42326 bytes)

Relaterte linker:
La Bohème. Statní Opera, Praha, Tsjekkia


FORESTILLINGSKRITIKKER