|
|
 |
 |
Plante TVILENS GIFT
Av Stein Kippersund
Bergen har eit sterkt sjømilitært miljø, og i helga låg fleire internasjonale marinefartøy ved kai i byen. Kanskje til å kjenne att for marinefolk til alle tider, også den fiktive Shakespeare-admiralen Othello? Nokre steinkast frå krigsskipa var det duka for premiere på Den Nationale Scene, med storfin vitjing av Hollywood-stjerna Bill Pullman i tittelrolla. Og Shakespeare sitt vidgjetne skodespel går føre seg nettopp "in the Navy". Vi er mellom krigarar, og menn av ære, må vite. Og her er, som ein snøball i helvete, også Desdemona.
Og for å stille spørsmål ved grunnlaget for stykket med ein gong: Kva om Desdemona hadde gjort det ho vert skulda for? Kva om ho faktisk hadde vore utru med Othello, og gått til sengs med bestevenen og den lojale underoffiseren hans? Hadde det då vore greit at ektemannen drap henne? Svaret i det moderne Noreg, og i det moderne Vesten, er sjølvsagt nei, juridisk såvelsom moralsk.
 |
Foto: Den Nationale Scene, Odd Mehus. ©
|
Sjalusi og tragedie: Siren Jørgensen som Desdemona og Bill Pullman som Othello på DNS Teaterkjelleren i Bergen. Regi Stein Winge.
|
I Stein Winge si framsyning vert dette spørsmålet liggjande uprøvd, som hos Shakespeare. Fordi uskulda til Desdemona, og hennar totale kjærleik til Othello, er føresetnadene som stykket kviler på, i denne tradisjonelle tolkninga.
Stykket er visstnok skrive same år som Elisabeth den første døydde, i 1603. Det kan vel hende at skuggane frå hennar sjalu far, Henrik 8, dansa på bakteppet for Shakespeare eller den som har skapt Othello. Henrik 8. fekk avretta mor til Elisabeth, Anne Boleyn, nettopp i sjalusi, for utruskap. Det vert sagt at han angra. For ein dramatikar som skulle innynde seg hos Elisabeth den første er den edle Othello kanskje ein allegori over Henrik 8. Og så er det høveleg at ein fann ein Iago i det engelske hoffet til å legge skulda på. Men det blir spekulasjonar med avgrensa verdi. For uansett historia bak skodespelet er det tolkninga inn i vår tid som vert avgjerande.
 |
Foto: Den Nationale Scene, Odd Mehus. ©
|
Fatal fest: Underoffiserane til Othello dreg på byen. Frode Bjorøy, Susann Bugge Kambestad, Ane Skumvoll, Asfaw Eshete, Jonatan L. Anabalòn og Gard Frostad Knudstad.
|
Dette Shakespearestykket er også meir universelt enn som så. Det går også an å lese skodespelet på andre måtar enn at det handlar om helten Othello, superskurken Iago og den litt naive og lojale Cassio. Kanskje det handler like mykje om tre ulike kvinner og deira kjærleik. Og om menn som på ulik måte ikkje taklar kjenslene sine og kommunikasjonen med desse kvinnene. Relasjonen mellom Desdemona og Othello er sentral, men ikkje den einaste.
Outsider
I sin regi ligg Stein Winge tett opptil den klassiske tolkninga, både plotmessig og tematisk. Hos Shakespeare er Othello ein outsider i miljøet fordi han er svart nordafrikanar, maurar, i det kvite og kristne Venezia. I Winge sitt univers er Othello merkt av alderen, og lett invalidisert etter krigsskadar. Det kjem også fram at han slit med mentale etterverknader etter påkjenningane.

|
Foto: Den Nationale Scene, Odd Mehus. ©
|
Tett på: Othello vil ha Iago til å leggje fram prov på at Desdemona svik han. Det er eit brutalt omslag i stykket når Othello vel å stole på den intrigante Iago. Bill Pullman og Jan Sælid.
|
Ut av komfortsonene
Rolletolkinga er gjennomført og solid av Pullman, energisk og presis. For den som likar referansar til film og populærkultur vil replikktjuveriet frå Ridley Scott sin kultfilm Blade Runner (1982) trigge litt ekstra gåsehud. For slike konjakkelskarar fell eg gjerne for freistinga til å sitere heile teksten frå filmen: "I've seen things you people wouldn't believe. Attack ships on fire off the shoulder of Orion. I watched C-beams glitter in the dark near the Tannhauser gate. All those moments will be lost in time, like tears in rain. Time to die".
Innanfor ramma til framsyninga får Stein Winge godt fram dei kjenslemessige utfordringane og tilstandene til personane på scenen. Winge er ekspert på å setje rollene under fysisk og psykisk press i krevjande situasjonar. Ingen får bli trygge innanfor komfortsonene sine, eller slepp unna med småsnakket. Ensemblet gir gode rolletolkingar, trimma, velspelt og samspelt. Både Frode Bjorøy (Cassio) og Ane Skumsvoll (Emilia) fyller krevjande roller på ein overtydande måte.
Nådelaus og dødeleg
Universet til denne framsyninga er gjennomtenkt og velfungerande. Musikken til Sigurd Nikolai Winge underbyggjer særskilt sinnsstemninga til Iago. Den får

|
Foto: Den Nationale Scene, Odd Mehus. ©
|
Lett stemning før katastrofen: Ane Skumsvoll, Bill Pullman og Siren Jørgensen.
|
fram det urovekkjande og farlege, og illuderer gifta som nådelaus og dødeleg spreier seg frå Iago og inn i Othello sine tankar.
Drittsekk til fingerspissane
Jan Sælid briljerer verkeleg i rolla som Iago, og meistrar manipulasjonen til fingerspissane. Hans Iago er ein gjennomført drittsekk, men ivaretar nyansane i kommunikasjonen med menneska rundt seg. Som type er han er akk så menneskeleg og lett å kjenne att. I Winge sin regi kjem det også godt fram at han set igang eit spel han sjølv misser oversikten over og kontrollen med. Det er spennande med Jan Sælid at han både har Edgar frå Kong Lear (også i Winge sin regi) og no Iago på CV-en sin. Desse to rollene er så diametralt motsette i sine intensjonar og motiv, og viser for eit register Sælid kan varte opp med.
Scenografien og designet til Tine Schwab er elegant og treffsikkert i sin minimalisme, bakteppet på scenen er ei perle. Alt i alt er dette ei rik og flott framsyning, som står godt og er vel verd å få med seg. Reis gjerne frå andre stader i landet, hvis det framleis er billettar å få. Det blir nok ikkje så lenge.
Stein Kippersund
Othello
Av William Shakespeare
Med: Bill Pullman (Othello), Siren Jørgensen (Desdemona), Jan Sælid (Iago), Frode Bjorøy (Cassio), Pål Rønning (Rodrigo), Ane Skumsvoll (Emilia), Susann Bugge Kambestad (Bianca),, Karl Bomann-Larsen (Brabantio), Kim Kalsås (Doge av Venezia), Grad Frostad Knudstad (Montano), Jonatan Lone Anabalón, Asfaw Eshete..
Komponist musikk Sigurd Nikolai Winge
Scenograf: Tine Schwab
Kostymedesignar: Tine Schwab
Lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Supplerande omsetjing: Ane Berentsen
Dramaturg: Solrun Toft Iversen
Stad: Den Nationale Scene, Teaterkjelleren, Bergen.
Lengde: Omlag 2 timar og 20 minutt utan pause
Tid: Laurdag 7. februar 2015 (premiere)
Relaterte linker:
Othello. Den Nationale Scene
FORESTILLINGSKRITIKKER
|
|
|