|
|
 |
 |
Freud for DUMMIES
Av
Stein W. Kippersund
Det er vanskeleg ikkje å like Mark St. Germain sitt
vesle kammerspel frå herresalongen som no vert spela på Nationaltheatret sin Amfiscene.
Dei to durkdrevne skodespelarane Kim Haugen og Lasse Lindtner gjev ikkje sjansen frå seg
til å gå inn i mannlege drøymeroller som dei to historiske superkjendisane Clive
Staples Lewis og Sigmund Freud. Framsyninga er Freuds siste møte.
Og regissør Kjetil Bang-Hansen har laga ei velspelt og lettbeint framsyning som elegant
tangerer 80 minutt. Utgangspunktet for skodespelet er eit fiktivt møte i London i 1939,
rett etter utbrotet av andre verdskrigen. Dei to mennene er ingen ringare enn
psykoanalysen sin store far Sigmund Freud og "Narnia-forfattar" Clive Staples
Lewis.
 |
Foto: Nationaltheatret,
LP Lorentz. © |
Salongdrama
i bruntonar: Tekstar av C:S. Lewis (Kim Haugen) og Sigmund
Freud (Lasse Lindtner) vert sett i scene og får kjøt og blod på
Nationaltheatret sin Amfiscene, i regi av Kjetil Bang-Hansen. |
Freud har nettopp flykta frå det
nazistinvaderte Austerrike saman med familien sin. Han har kreft som ikkje kan lækjast. I
fiksjonen til framsyninga har han invitert Lewis heim til seg for å snakke med han. Lewis
kjem, og dei to gigantane har ein lidenskapeleg, energisk samtale der dei
brynar seg intellektuelt på kvarandre, og byter litt på å vere terapeut og pasient ved Sofaen,
på å vere den veike og den sterke, i tru og vitskap. Den nykristne, kreative og
gåverike optimistiske Lewis på den eine sida, rett nok med fysiske og sjelelege arr
etter første verdskrigen. Den noko surmaga, stivt rasjonelle og inn til mergen ateistiske
Freud på den andre sida, dødsmerka av sjukdommen.
Trætte mænd, kan ein kanskje seie, eller to rustne herrar, ein av dei rett
nok meir rusten enn den andre, tek seg ein alvorsprat medan verda held på å gå til
helvete der ute. Framsyninga sveipar også innom J.R.R. Tolkien som ein av referansane.
 |
Foto: Nationaltheatret,
LP Lorentz. © |
Med ein fot
i grava: Fra venstre Lasse Lindtner som psykoanalysen sin far,
Sigmund Freud, i spel mot Kim Haugen som C.S. Lewis . |
Vitskapeleg omdøme
Dei to skodespelarane som gjer jobben er i alle fall to svært så fyrrige karar i sin
beste alder, Kim Haugen og Lasse Lindtner. Lindtner er i godt selskap når det gjeld
Freud-tolking: Sjølvaste Viggo Mortensen kledde rolla som ein noko yngre
Sigmund Freud, i David Cronenberg sin film A Dangerous Method (2011). Men
Lindtner gjer jobben han, og vel så det, saman med solide makker Haugen, laust, ledig og
lettbeint. Og med framifrå fysisk karakterarbeid. Vi får ein samtale i minimalistisk,
men effektiv regi, ein samtale som er interessant og spennande å fylgje med på, og som
det er godt å vere i nærleiken av. Det vart vel av og til eit lite sakn etter eit lite
kvinneleg innslag i det heile, som kunne gjeve dei to hardbalne karane ei ekstra lita
utfordring: Litt meir kropp, mellom alle velmformulerte ord og setningar. For kjerna i
situasjonen til gutane er at dei slit, med meininga med livet. Freud står endåtil med
ein fot i grava, han er meir oppteken av korleis det går med jobben til dottera si, enn
han er av sitt eige vitskapelege omdøme. Det menneskelege møtet som situasjonen byd på,
i dei kvardagslege utfordringane som høg og låg alltid vil måtte slite med, har
regissør Bang-Hansen godt lag med. Godord også til scenograf John-Kristian Alsaker, som
skissar opp arbeidsrommet til Freud med nøktern, presis finesse.
Kjennarmine i selskapslivet
Humoristisk? Tørrvittig, men ja. Engasjerande? Jaudå, spretne ordduellar, og Freud får
vel mest intellektuell styrke, spenst og djupn. Medan Lewis er den sjenerøse, musiske,
med opne sansar og empatisk spontanitet. Opplysande? Tja, vi får vel tru det. Eg kjenner
ikkje Freud sine verk godt nok til å seie at stykket og rolla gjev han rettferd. Men litt
kjøt og blod får vi då på eit viktig kulturikon, slik at vi kan samtale litt med
større kjennarmine i selskapslivet. Vi har liksom møtt han, etter dette. Det ligg
kanskje ei lita kjensle i lufta av at framsyninga stadfestar stereotypane om Freud, og
slik sett har preg av å vere ei hendig innføring for dummies. Ikkje noko
gale i det, i og for seg. Filosofi for dummies, eller Sofies verden
som den boka heiter, har som kjent gått med siger over heile verda. Og for all del: Det
er spørsmåla som er viktige, sjølv om dei er enkle, eller som det vert sagt i stykket:
Ting ser enkelt ut før ein undersøkjer dei.
.

|
Foto: Nationaltheatret,
LP Lorentz © |
To rustne
herrar: Eit møte som aldri fann stad, men der dialogen byggjer på verkelege
tekstar. Mark St. Germain sitt skodespel Freuds siste møte (Freud's
Last Session) vart løna med prisen for beste skodespel av Off Broadway-alliansen
i New York i april 2011. |
Pedagogisk
potensiale
Det pedagogiske er kanskje også eit stort potensiale for Freuds siste møte,
som bør kunne vere godt brukandes som skuleframsyning på eit Riksteaterprogram eller i
Kulturelle skulesekkar landet rundt. For, diverre, framsyninga er for dyr og for snau til
å reise halvannan time med tog eller bil til Oslo for å sjå. Men er du på
overnattingstur til hovudstaden, skal du arrangere kurs eller liknande, eller er på dei
kantar av andre grunnar, så er formatet for denne framsyninga høveleg. Etter middag og
før kveldsdrammen, stikk innom Nationaltheatret og bli oppdatert for konversasjonen over
raudvinsglaset eller over kaffikoppen på lunsjrommet. Og vekkjer framsyninga interesse,
utover det sterke menneskelege dramaet der og då, så går det også an å lese seg til
verkeleg kunnskap. Dette treng ikkje å bli ditt siste møte med Freud.
Stein W. Kippersund
Freuds siste møte
Freud's Last Session av Mark St. Germain, urpremiere New
York sommaren 2009
Omsett av Kjetil Bang-Hansen
Med: Lasse Lindtner (Sigmund Freud) og Kim Haugen (Clive
Staples Lewis)
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostymer: John-Kristian Alsaker
Lysdesign: Ola Bråten
Maskør: Eva Sharp
Stad: Nationaltheatret
Lengde: Omlag 80 minutt (utan pause)
Tid: 26. september 2013
Relaterte linker:
Freuds
siste møte. Nationaltheatret
Finnes det
en Gud? Av IdaLou Larsen. idalou.no 24. september 2013
FORESTILLINGSKRITIKKER
|
|
|