Herr Arnes penningar
Västanå teater (gjesteframsyning Hamar) Midt i det
halvmørke, overfylte teltet dansar to skuggeskapnader. Taktfast, rundt og rundt. Publikum
har sin fulle konsentrasjon retta mot spelet i midten. Somme trampar uvilkårleg takta.
Det går ein rytme gjennom Herr Arnes penningar.
Det er ikkje fyrste gong Västanå Teater frå Sunne i Värmland lagar teater av ei
Selma Lagerlöf-historie. Tidlegare har Tøsen från Stormyrtorpet og Kejsarn
av Portugallien vorte spela i "BerättarLadan" i Rottneros. No var det Herr
Arnes penningar som stod på plakaten, og spelestaden er denne gongen den nybygde
mongolske jurten, teatret sitt turnételt. Det er eit rundt telt med plass til om lag 100
menneske. Speleplassen er ein rundt plass i midten, med publikum i amfi rundt. Då eg såg
framsyninga i Hamar den 15. februar i år, var teltet stappfullt.
Overlevande
Herr Arnes penningar er ei mystisk historie om tenestejenta Elsalill. Ho er den
einaste overlevande etter at ein røvarbande plyndra garden til herr Arne, stal kista med
sølvpengane hans og drap alle folka. Også fostersyster til Elsalill vart drepen, men
Elsalill gøymde seg unna. Spora etter mordarane fører fram åt eit hol i isen der folk
trur dei har drukna. Men Elsalill kjenner på seg at dei som myrda syster hennar framleis
er i live, og ho avgjer at ho vil finna dei. Og ho får hjelp - den drepne syster hennar
kjem attende frå grava for å hjelpa ho.
Publikum får høyra historia om Elsalill gjennom song og teater. Fem skodespelarar og
ein kvedar hoppar inn og ut av alle rollene ved å bytte maske eller kasta på seg ei
enkel kappe. Det skjer medan publikum ser på, så det er langt frå ei realistisk
framsyning vi har å gjera med. Dette er forteljarteater. Ramma kring framsyninga strekar
òg under dette. Når vi vert leidde inn i teltet står skodespelarane i døra og tek imot
oss, og når vi går seier dei farvel. Det vert den mest naturlege ting i verda å gå
bort til dei og takke - som om det var nokon vi kjende som nett hadde lese eit eventyr for
oss, eller fortalt oss ei god historie. For det har dei jo faktisk gjort.
Värmlandspols og magi
Forteljinga er det viktigaste elementet i Herr Arnes penningar. Av og til
bryt ein song av, og rollene viser seg for oss gjennom dans. Västanå Teater har gjort
det til varemerket sitt å byggja framsyningane sine på danseforma Värmlandspols, og den
tunge rytmen driv historia framover. I tillegg støtter dansen godt opp om den magiske
verda vi vert ført inn i. Ei verd av snurrande, sirklande attergangarar i masker og
flagrande klede, akkompagnert av dragande, fengande folkemusikktonar. Rytme og musikk vert
nytta til å streka under viktige hendingar i historia. Bråe skift i rytmen, eller
plutseleg stille er effektive verkemiddel.
Slik formidlar Västanå Teater og regissør/manusforfattar Leif Stinnerbom på ein
glimrande måte den magien Selma Lagerlöf har lagt opp til i teksten sin. Historia går
føre seg på eit psykologisk like mykje som eit konkret plan, og det undermedvitne og
"overnaturlege" er sterkt til stades. Speleplassen gjer òg sitt for å skapa
den unike magiske verda: Teltet er genialt som scene fordi det som eit lukka rom skaper ei
eiga røynd som framsyninga kan eksistera i.
Urkreftene i teatret
Den dansande, rytmiske stemninga i framsyninga gjer det vanskeleg å plassera ho i ein
spesiell sjanger. Noko slikt har vi aldri sett før. Barna på fyrste rad ser ut til å
følgje spent med i den uhyggelege forteljinga, men det gjer jammen bestefar lengst bak
òg! Publikum sit så nære opptil skodespelarane at alle vert deleigarar i det som hender
på speleplassen i midten. Kommunikasjonen mellom scene og sal er levande og sterk.
Og når siste tone døyr ut, får ensemblet på seks + ein teknikar ståande trampeklapp
frå eit fullsett telt. Dette er noko heilt nytt. Men samstundes kjennes det ut som om det
eigentleg er svært så gamalt. Der eg sit i det halvmørke mongolske teltet kjenner eg meg verkeleg i kontakt med urkreftene i
teatret, og i forteljarkunst og kommunikasjon i det heile. Det er i røynda gamalt, dette
nye. Det går ein rytme gjennom denne framsyninga.