FORUM / Bokanmeldelser
(annonse)

Denne side publisert
7. juni 2007

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



DRISTIG og DJUPT

Av Stein Kippersund


Carlos Wiggen
: Filosofi og drama. 1790-1960.
Unipub 2007. ISBN 978-82-7477-285-4. 235  sider.

Kva slags tilhøve har dramatikken og filosofien hatt til kvarandre i den moderne epoken? Det er spørsmålet forfattar og fagmann Carlos Wiggen stiller i eit dristig og djuptgåande leseprosjekt.

Det å skrive drama, skodespel, hadde stor kulturell og intellektuell status, før massemedia, og særleg fjernsynet, for alvor kom på banen. Det var i teatret dei viktige samfunnsdiskusjonane vart tematiserte og visualiserte. Og når Wiggen i sitt prosjekt set sluttstrek ved 1960, høver det godt inn i alle fall i norsk fjernsynshistorie.

Den rolla TV-program som Først og sist, Redaksjon 1 og liknande fyller i idag hadde teatret tidlegare. Difor fekk Ibsen den sentrale posisjonen i si samtid, han medverka til å bygge opp eit reflekterande borgarleg diskusjonsrom i Noreg.

Men om teatret ikkje lenger er så viktig som det var, ser det ut til å vere stigande interesse både for historie, filosofi og idear. Og du skal ikkje halde på lenge innanfor dette feltet før spaden skrapar borti skodespel og drama. Teikn tyder på at teatret er i ferd med å vende tilbake med ny kraft.

Utveksling
Vi opplever idag teatret i vital utveksling med andre kunstformer, som roman og film. Historia til Ambjørnsen om Elling har først gått frå roman til film og vidare til teatret. Thomas Vinterbergs Festen har gått frå lerretet til teatret, slik også Lars von Triers Breaking the Waves gjer på Oslo Nye Teater til hausten.

Carlos Wiggen er dr.art i filosofi og dr. philos i idehistorie. Han har også sjølv skrive skodespel, fagbøker og fleire skjønnlitterære verk. I desse Johnny Depp-, Keira Knightley- og Orlando Bloom-tider kan underteikna i alle fall anbefale Wiggens roman Den flyvende hollender som eit litt meir djuptloddande perspektiv på ein mytisk figur i vårt kulturfellesskap. Dermed ikkje noko gale sagt, korkje om sirkus, tivoli, Pirates Of the Caribbean eller andre barnleg-kommersielle gleder.

Nærkamp
I Filosofi og drama er spørsmålet kva slags tilhøve dramatikken og filosofien har hatt til kvarandre i den moderne epoken. I føreordet jekkar Wiggen ned alle lettbeinte forventningar om kjappe poeng på denne lesemåten. Han har også gjort eit ganske eksklusivt utval av dramatiske verk han går i nærkamp med: Schillers Don Carlos, Goethes Egmont, Richard Wagners Niebelungenes ring, Henrik Ibsens Vildanden, Alfred Jarrys Kong Ubu, Arthurs Schintzlers Runddansen, August Strindbergs Et drømmespill, Luigi Pirandellos Seks personer søker en forfatter og til slutt, ikkje eit teaterstykke men ein film, Alain Resnais I fjor i Marienbad.

Perspektivet har vid horisont: Wiggens lesing av Vildanden opnar med ei skildring av ei rituell offerslakting frå Athen i oldtida. Det er nærliggjande å spørje seg korleis han skal få dette til å henge saman? Dristig opning - og eg kan love at avrundinga blir skarp nok.

Språkleg konjakk
Ein treng vel kanskje ikke vere avgått fotballtrenar Ivar Hoff for at eit slikt bokprosjekt fort kan havne i Radioselskapets Skammens bokhylle, for bøker ein har gjeve opp. For oss som i tillegg til sirkus også likar å finne meir og mindre skjulte liner i vår kultur- og kunsthistorie, som ikkje har ein perfekt dag før vi har høyrt Terje Nordbys Mytekalender i P2, og helst kl. 06.50, trur eg det er von om å finne perler i Wiggens musling. Det er ingen som skal tvinge nokon til å lese denne boka frå perm til perm. Men etter nokre smaksprøver av Wiggens språklege konjakk fekk eg meir enn vanleg lyst til å ha ho med meg inn i sommaren.

Stein Kippersund

BOKANMELDELSER


Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no