FORUM / Bokanmeldelser
(annonse)

Denne side publisert
18. november 2006

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



FANGA av STOFFET
Av Stein Kippersund


Trine Næss
: Christiania Theater forteller sin historie 1877-1899.
Novus Forlag 2005. ISBN 82-7099-427-8. 260 sider.

Magister Trine Næss har med denne boka teke mål av seg til å referere informasjon om organiseringa av teaterdrifta ved Christiania Theater i perioden frå 1877 til 1899. Tanken er at teatret sjølv skal fortelje historia si gjennom arkivmaterialet. Dette fungerer ikkje heilt: Det blir mykje historiemateriale, men lite forteljing.

Dette valet kan i aller høgste grad diskuterast. I alle fall dersom forfattaren ynskjer eit breiare publikum for boka si. Dei 22 åra boka rommer er i praksis opptakta til etableringa av Nationaltheatret. Christiania Theater stod heilt sentralt i denne gullalderen for norsk kunst- og kulturliv.

Velordna og overveldande
Trine Næss har vore leiar for Teatermuseet i Oslo, og også vore ansvarleg for den teaterhistoriske samlinga ved Nasjonalbiblioteket der. Utan tvil har ho enorme kunnskaper om teatret og sorterer dette profesjonelt og ryddig. Ho held orden på litteratur, personar, kjelder og notar. Boka framstår som ein velordna og omfattande meny over arkivmaterialet som finns om dette teatret. Diverre synest forfattaren å vere fange av det overveldande stoffet.

Det er skuffande at formidlingsambisjonen ikkje er breiare. Kanskje forlaget har sin del av ansvaret for det? Med Figueiredos Ibsenbiografi ferskt på netthinna trur eg det hadde vore mogleg å presentere denne historia på ein meir spennande måte. Det er mogleg at spora skremmer, etter den velskrivne og underhaldande, men noko pompøse Nationaltheatrets historie av Nils Johan Ringdal.

Fortener betre formidling
Boka til Næss er i alle fall blitt det motsette: Eit detaljert oppslagsverk, der forskarar og studentar finn det dei treng. Om unge, nyfikne teatergjengarar og utøvarar vil finne fram til boka, enn seie kome lenger enn til føreordet, er eg meir usikker på. Synd, for Næss si grundige basisforsking fortener ei betre formidling!

Stein Kippersund

BOKANMELDELSER


Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no