FORUM / Bokanmeldelser
(annonse)

Denne side publisert
19. august 2006

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



TEATERBLIKK på Ibsenbiografi
Av Stein Kippersund


Ivo de Figueiredo
: Henrik Ibsen. Mennesket.
Aschehoug 2006. ISBN 82-03-22892-5. 458 sider.

Figueiredos Ibsenbiografi ekspanderte til to bind, av omsyn til "det omfanget og den grundighet" forlag og forfattar ynskte. Band 1 ligg føre med fokus på mennesket Henrik Ibsen. "What's in it" for dei som vil leite etter teater-mennesket Ibsen i eit slikt prosjekt?

Dei første spora av teaterinteresse hjå Ibsen er gripande, og bør vekkje til ettertanke om korleis ein fangar opp interessene til kreative barn. Ibsen byrja som dokketeaterspelar og regissør. Ein gong gjekk to nabogutar til åtak på dokketeateret hans midt under ei framsyning og klipte av marionette-trådane. Dermed vart det vilt slagsmål. Det enda med at far til Henrik intervenerte: "Kan dere ikke la Henrik og dukkene hans i fred"? Barnet Henrik får dyrke interessene sine av vaksne som ser han. Biletet av den tenksame guten med dokkene fører  tankane vidare sonen av hofftapetseraren hos Ludvig 14, Jean-Baptiste Poquelin Moliere.

Trong start
Teater-mennesket Ibsen er ein helt sentral del av Ibsen, kanskje meir enn vi tenkjer over etter at den litterære Ibsen er blitt eit ikon. I Figueiredos bok er teatermennesket fletta saman med samfunns-mennesket. Henrik Ibsen framstår som ein mann med betydelege evner og brennande ambisjonar i eit ungt Noreg. Han veks opp saman med den nye staten, er med på å skape sjølve det norske offentlege rommet, eit rom han sidan alltid har vore ein del av, før og etter sin død. I ei anna tid er det langt frå sikkert at Ibsen ville blitt dramatikar. Men Figueiredo peikar på at nettopp teatret var den einaste utbygde litterære institusjonen i Noreg ved inngangen til 1850-åra. Slik sett er dette bandet i stor grad nettopp ei bok om Ibsen og teatret.

Og teatret handla langt frå berre om litteratur i Ibsens tid. Figueiredo skriv:
"Men teateret var ikke bare viktig som litterær institusjon. Thalias tempel var på mange måter et tempel, den eneste fysisk, stedlige manifestasjonen av det kulturelle felt i embetsmannsstaten. Her møttes regimets kvinner og menn in persona for å se og bli sett, her befestet eller utfordret man regimets kulturelle og sosiale verdier i seremonielle former, det være seg på scenen eller i salen" .


Det smale omfanget på det litterære Noreg, og den tronge starten til Ibsen kan illustrerast med eit døme: I 1850 vart det første dramaet hans, Catilina, trykt i eit opplag på 250 eksemplar. Omlag 45 av desse vart seld!

Menneske av kjøt og blod
Figueiredo lukkast i å gjere Ibsens biografi til meir enn ei personleg historie. Ibsen er ikkje eit gudesendt geni, men eit menneske av kjøt og blod med samfunnsmessige føresetnader og vilkår. Figueiredo leitar ikkje så mykje i Ibsens psyke, men ser mannen og verket i lys av dei samfunnsprosessane Ibsen står i. Energi og ambisjonar er sjølvsagt viktige individuelle faktorar, men den form Ibsen får som offentleg person og dei verka han skaper blir til som eit svar på møte med straumar og menneske i tida. I ei tid med få aktørar får også personlege tilhøve direkte betydning for kulturlivet. Og det blir avgjerande at nettopp teatret, den sosiale, flyktige og temperamentsfulle kunstarten, blir forumet der det verdsberømte litteratur-ikonet utfaldar seg.

Slik samlar Figueiredo mange trådar og puslespelbitar, og ser det norske offentlege rommet i samanheng. Han gjev Ibsen ein tilmålt plass i tidas store hovedstraum: Han var viktig - men langt frå den einaste. Og han fekk impulsar og støtte frå mange andre. For den som måtte tvile på det var Ibsen ikkje ferdig dramatikar ved første forsøk. Han fekk halde på, fekk øve seg vel og lenge, hadde fleire nedturar, før han godt oppe i åra fekk eit internasjonalt gjennombrot med mellom anna eit Et dukkehjem. Ingen dans på roser, og med eit krav om tolmot og energi som kunne tatt knekken på kven som helst. For dei som skal gje dagens ungdom vilkår for kunstuttrykk er dette ei viktig lekse: Det er nødvendig med fridom og tid til å prøve å feile. Ibsen var ein pådrivar for at det offentlege skulle gje kunsten fridom i høve til marknadskreftene. Og han sparka igang ein norsk kulturpolitikk.

Sette seg sjølv i scene
Figueiredo har elles eit vakent blikk på Ibsens sjølvforståing og vilje til å setje seg sjølv i scene. For Ibsen sette seg sjølv i scene i samtida. Han skapte fleire myter om seg sjølv, og fleire av dei har nok blitt ståande. Eit lite døme: Ibsen skriv at han berre hadde ein einaste glad dag i Bergen, premieredagen på Gildet på Solhaug 2.januar 1856. Figueiredo set dette frigjerande på plass som løgn. Den opplagte grunnen er at Ibsen same vår finn ekteskapspartnaren sin, Suzannah Thoresen. Forholdet varte livet ut, og Suzannah var hans sentrale støttespelar heile tida. Det tyder langt i frå at Ibsen ikkje måte slite med mangt og mykje i Bergen. Men - det var han heller ikkje aleine om. Noregs største dramatikar gjennom tidene, størst i verda etter Shakespeare, måtte ta sine jordnære ryggtak. Både i møte med skodespelarer, eit lunefullt publikum og ein krevande teaterøkonomi.

Tøffe tak med teatret
Og trivialitetane hadde eit nådelaust tak på Ibsen. Norske teatersjefar har det nok tidvis tøfft nok, men utfordringane Ibsen hadde som "artistisk direktør" seinare i tida ved Kristiania Norske Theater er tankjevekkjande lesnad. Og Ibsen var ikkje utan vidare den som meistra situasjonen. Han måtte tole kritikk frå styret for at han ikkje var iherdig nok og når privatøkonomien samstundes var på brestepunktet såg det ofte svært mørkt ut. Ein høgrøysta teaterdebatt i Christiania-pressa kravde tok hardt på. Manglande konkurranse og at få misunte han stillinga gjorde nok sitt til at han vart sitjande. Og han hadde også ei heldig hand med fleire prosjekt. Men teatret går konkurs og han får - truleg urettmessig - mykje av skulda.

Til Sunnmøre
Kroken på døra for teatersjefen altså. Men Ibsen får, truleg takka vere sitt nettverk, eit reisestipend. Og reisa går til? Jau, til Bygde-Noreg. Og kanskje er det teater-konkursen vi kan takke for drama som Brand og Peer Gynt. Ibsen på tur reiser til Gudbrandsdalen og til Sunnmøre sommaren 1862. I Hellesylt får han mellom anna innsikt i rasfarlege fjell, som dei spesielle tilhøva ved Me-Åkernes ved Storfjorden, som truleg er modell for prestegarden i Brand. Dette har forfattar Harald Kjølas fått med seg i praktverket Gardar langs Storfjorden (Det Norske Samlaget 2005).

Viktige nettverk
Biografien set elles fokus på at Ibsen deltok aktivt i sentrale intellektuelle nettverk i samtidas Kristiania. Desse nettverka var i aller høgste grad med på å forme Ibsen i fleire faser. Ein av dei sentrale krinsane han deltok i var "Det Lærde Holland", med litteraturmeldar og publisist Paul Botten-Hansen som samlingsfigur. Denne mannen hadde 14000 bøker samla i eit lite husvære i ein bygard. Det seier sitt om omfanget på samlinga, at Botten-Hansen fekk utkastingsvarsel fordi husverten frykta at bygarden skulle bryte saman under tyngda av bøkene.

Botten-Hansen måtte difor smugle inn straumen av nye bøker når husverten ikkje var til stades... I krinsen rundt Botten-Hansen stod Aasmund Olavsson Vinje sentralt, og Ivar Aasen var også innom. Her fekk Ibsen truleg mykje input, sjølv om han sjølv var nokså stille i dette miljøet. Ein av medlemmane i krinsen sa det slik: "Han holdt aldrig noen tale, men lyttede, gikk frem og tilbage og smaalo". Nettverk er uvurderlege viktige reiskaper når ein skal forstå den historiske rolla til personlegdomar av Ibsens format. Og kunstforma teater kan ikkje eksistere utan det store Nettverket - publikum. Elles var kraftverket Bjørnstjerne Bjørnson eit heilt nettverk i seg sjølv for Ibsen.

15 år i kamp med teatret
Ibsens historie er ein viktig del av norsk teaterhistorie. Ei rask opptelling viser at omlag 150 sider av 350 i Figueiredos forteljing har direkte referanser til norsk teaterliv i perioden. Slik blir det neppe i band 2. Ibsen er aktiv som teatermann i omlag 15 år, før han drar til utlandet. Seinare kan han heve seg over det slitsame og lunefulle teatret. Dramatikken blir litteratur med forlag som distribusjonskanal og med teatret som "postkasse".

Figueiredos biografi er umogleg å kome utanom for den som ynskjer å få eit bilete av den rolla Ibsen hadde i utforminga av det unge norsk teater- og kulturlivet. Men ho er også eit viktig dokument for å forstå sjølve tida og teatret rundt Ibsen. Trass i at boka er spekka med detaljar, er ho lett og engasjerande å lese. Vi ser samtida frå ståstaden til Ibsen, spenningskurva fylgjer dramatikarens liv. Figueiredo handterer det omfattande materialet sitt virtuost og leikande. Forfattaren har stor visuell innlevingsevne: Strukturen i dette bandet ligg sprekkeferdig klar for ein rå og upolert film.

Stødig leik
Biografen kan tillate seg å leike med forteljinga, når dokumentasjonen står så stødig: I tillegg til forteljinga rommar boka 100 ryddige sider med oversiktar, fotnotar, kjelder og register. Biletmaterialet er nøkternt og kresent. Figueiredo kan ta den omfattande tolkningstradisjonen på Ibsens verk for gitt, og og resymerer innhaldet i verka kort og enkelt når det er naudsynt. Det er eit godt val. Hald fast på samfunnsperspektivet, og band 2 blir like bra!

Stein Kippersund

BOKANMELDELSER


Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no