FORUM / Bokanmeldelser
(annonse)

Denne side publisert
11. mai 2006

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



Nytt lys på TEATERTEKSTEN

Av Stein Kippersund


Frode Helland og Lisbeth Pettersen Wærp
: Å lese drama. Innføring i teori og analyse.
Universitetsforlaget 2005. ISBN 82-15-00342-7. 249 sider.

Korleis skal ein gripe fatt i ein dramatisk tekst? Dramatikk er ikkje berre teaterframsyningar slik publikum møter dei i salen. Dramatikk er også ein litterær sjanger. Forfattarane av Å lese drama vil mellom anna hjelpe lesarane til å kome forbi fellene som ein dramatekst kan setje for lesaren.

Ifylgje forfattarane har dramateorien hatt det kummerleg dei siste 25 åra. Det har dei truleg rett i. Teksten og dramatikaren har gradvis blitt underordna dei andre elementa i ei teaterframsyning, i alle fall sidan 1970-talet. Ikkje minst i dei eksperimentelle teaterprosjekta har fokus vore sett på multimediale verkemiddel og ikkje minst på skodespelaren sjølv. Men som forfattarane seier, grunnomgrepa i dramaanalysen har levd vidare, sjølv om dramateorien har ligge i dødvatnet. No er det tid for renessanse.

Dramatikaren vender attende
Suksessen til Jon Fosse vitnar om at dramatikaren og dermed dramateksten i den seinare tida har kome sterkt attende. Rett nok som ein meir likeverdig deltakar i framsyningsprosessen enn i den gamle poetokratiske tradisjonen etter Ibsen. Den same Jon Fosse har vist evne til å ta innover seg verkemidla til teatret, han har vore fleksibel og lyttande interessert til kva unge og eksperimentelle regissørar og skodespelarar kunne finn i tekstane hans, og kva dei kunne gje til tekstane. Fosse har sleppt tekstane sine fri til eit fordomsfritt møte med teatret der det sceniske resultatet ikkje er gitt av dramatikaren som ein fasit.

Sjølvstendig litteratur - "urein" tekst
Forfattarane er likevel sjølvmedvitne på tekstens vegne. Drama-analysen skal ikkje berre bidra instrumentelt til å få dramatekstar på scenen. Dramatekstar er litteratur, og kan fungere sjølvstendig utan iscenesetjing. Det fins bleike tekstar som gir godt teater, og det fins bleike framsyningar bygd på gode tekstar. Boka freistar ikkje å gå teatervitskapen i næringa. Ho byggjer på erkjenninga av at den sceniske framføringa er ei historisk hending som ikkje kan repeterast, og ikkje fasthaldast som analyse-objekt. Teksten kan derimot analyserast - som tekst. Forfattarane presenterer ein spennande definisjon på dramateksten: Ein "urein", hybrid, fleirmedial tekst, som utfordrar lesaren si forestillingsevne.

Ettermoderne
Med dette utgangspunktet går boka dristig i veg på analyse av den klassiske dramatikar-kanon, og tek med seg moderne litteraturteoretiske lesemåtar i prosjektet. Boka er velstrukturert og ryddig, med eit visst handbok-preg, som er godt for folk i farta. Omgrep etter omgrep vert lyssett frå ulike kantar, knytta til gode tekst-eksempel og teatret sine element. Her må ein ikkje lese alt, men kan slå opp for å bruke det ein treng, til dømes i eit framsyningsprosjekt.

Eit ekstra pluss: Boka har fått med seg noko meir av det moderne, og post- eller ettermoderne stoffet enn dei etterkvart nokså stovereine Beckett og Ionesco: Apetittvekkjande sekvensar på Caryl Churchill, Sarah Kane, Mark Ravenhill og Elfriede Jelinek friskar opp. Også referansar til filmfolk som David Lynch og ikkje minst Quentin Tarrantino (Jackie Brown, Pulp Fiction, Kill Bill mm) gjer boka aktuell. Analyseverktøya til Helland og Wærp vil vel også kunne nyttast på film-manus, som fylgje av det fleirmediale perspektivet på tekstforståinga som ligg til grunn.

Boka er spennande og leseverdig, sjølvsagt for studentar og lærarar på feltet. Men også meir tradisjonelt teoridistanserte teaterfolk bør ha utbytte av å gi boka ein sjanse på nattbordet, til dømes for streif inn mot prosjekt som er under arbeid.

Stein Kippersund

BOKANMELDELSER


Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no