![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
FJELLSTØTT om dramaturgi Av Stein Kippersund
Universitetsforlaget 2005. ISBN 82-15-00616-7. 249 sider. Medan spørsmålet har reist seg om engelsk bør vere førstespråket i undervisninga ved universitet og høgskular er det ei glede å lese god faglitteratur på morsmålet. Sjølv på eit så spesialisert fagfelt som teater har vi gode fagfolk i Noreg som kan å formidle. Forfattarane av Dramaturgi. Forestillinger om teater har tatt tak i at omgrepet dramaturgi er stadig meir i bruk, ikkje minst i andre samanhengar enn teater. Det er verdt å tenkje over at medan teater som kunstform for mange er blitt noko marginalisert i vår moderne verd har teaterspråket, omgrepa, fått stadig nye bruksmåtar. Ordet dramaturgi er typisk i så måte. For det moderne mennesket handlar det om å setje seg sjølv i scene, må vite. Todelt prosjekt Forfattarane går seg heldigvis ikkje bort i ein freistnad på å nøste opp denne nærmast uendelege tråden. Dei har delt boka i to: Først ein historisk del, der dei sorterer ut og systematiserer det dramaturgiske fagområdet i tolv teaterhistoriske periodar. Dei legg opp til og anbefalar parallell-lesing av boka saman med allmen teaterhistorie, ein bruksmåte det berre er å applaudere. I del to står fenomenet og omgrepet dramaturgi i sentrum. To kapittel tek føre seg dramaturgiske modellar og grunnleggjande dramaturgiske verktøy og omgrep. For ein lesar som er fortruleg med dei historiske sidene er dette det mest spennande. Kanskje særleg dei fire kapitla om dramaturgiske inngangar, om leik som dramaturgisk vegvisar, om mytisk dramaturgi og gjennomgangen av dramaturgi og nye medier. Denne delen gir mykje mat til den som arbeider praktisk på det profesjonelle teaterfeltet. Kunnskapsløftet Dette er grunnleggjande fjellstøtt og velskrive fagarbeid, som fortener lesarar både mellom studentar, forskarar og praktiske teaterfolk. Og ikkje minst: Før nye lærebøker i teaterfaga skal produserast for dei nye læreplanane i vidaregåande skule i samband med Kunnskapsløftet, bør lærebokforfattarar sjekke denne ryddige handboka. Stein
Kippersund |
Ansvarlig redaktør av Teaternett ANS er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Emil Nordbysveg 43, 2312 Stange. Teaternett har org.nr. 984 922 469. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no |