Spelemann på taket
Verdas vakraste musikal? Det Norske Teatret er ikkje i tvil om at
Spelemann på taket kan reknast som det. Den 21. mars, nøyaktig 47 år etter den første
premieren på Det Norske Teatret, står Spelemann på taket igjen på repertoaret.
Musikalen har nærast ikonisk status i repertoaret vårt og det er ingen små sko Pål
Christian Eggen skal fylle når han trer inn i tittelrolla som Tevje. I to rundar er den
jødiske familiefaren levandegjort av Lasse Kolstad mannen som omtrent har einerett
på strofa «Om eg var ein rik mann». Kona Golde blir spelt av Herborg Kråkevik, medan
Ingeborg S. Raustøl og Heidi Ruud Ellingsen skal spele to av døtrene. Teatersjef Erik
Ulfsby har regien.
Kampen for tilveret
Vi skal til dei jødiske busettingane i Russland og følgjer livet til mjølkemannen
Tevye. Han vernar om den barnerike familien sin og ønskjer å leve i pakt med jødiske
tradisjonar samstundes som heile livsgrunnlaget blir truga av makthavarane som vil
utslette dei jødiske landsbyane. Det Norske Teatret tar mål av seg å gjere ein
oppdatert og musikalsk frodig versjon med Atle Halstensen som musikalsk ansvarleg.
Spelemann på Det Norske Teatret
Spelemann på taket har vore sett opp på Det Norske Teatret to gonger, i 1968 og 1987.
1968-versjonen blei ein av dei største publikumssuksessane i Det Norske Teatrets historie
med 284 framsyningar og 130 906 besøkande. På turné i Noreg året etter fekk blei
framsyninga vist 51 gonger og ytterlegare 25 802 fekk oppleve Lasse som Tevje.
Bakgrunn
Spelemann på taket er laga over den russisk-amerikanske Scholom Aleichems vemodig-muntre
forteljingar om den fattige mjølkemannen Tevye i eit aust-jødisk landsbysamfunn.
Framsyninga blei dramatisert av Joseph Stein med songtekstar av Sheldon Harnick og musikk
av Jerry Block. Framsyninga hadde urpremiere på Broadway i 1964.
Scholom Aleichem
Forfattaren Scholom Aleichem blei fødd i Russland i 1859 som Solomon Rabinovich, og
døydde i New York i 1916. Han skreiv forteljingar på jiddisk, var dramatikar og
humorist. Han er sett på som ein av dei mest originale jiddiske forfattarane og er kjent
for sine triste og ironiske noveller og forteljingar om livet til enkle jødar i små
landsbyar. For eit større publikum er han mest kjend for forteljingane om den evig
optimistiske mjølkemannen Tevje med dei gifteklare døtrene.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no