AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
10. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Fedra

Ein av verdsdramatikkens mest kjende og aller mest gripande tragediar.

I år blir Fedra sett opp på Hovudscenen i Halldis Moren Vesaas’ prislønte gjendikting frå 1960. Regien er ved Sigrid Strøm Reibo. Trass sin unge alder har ho utmerkt seg med eigenarta og kunstnarleg sterke iscenesetjingar ved store scenar både i Noreg og i Russland, der ho er utdanna. To gonger er ho Hedda-nominert og ho vann prisen for beste regi i 2012 for regien for Misantropen på Rogaland Teater og Black Rider på Hålogaland Teater

Fortid og notid møtest
Strøm Reibo ønskjer å skape ein moderne Fedra. Kostyma til Olav Myrtvedt er både klassiske og moderne på same tid. Musikken er komponert av ein av russlands mest kjende avantgarde-musikarar, Alexandr Manotskov, og koreografien er ved Oleg Glusjkov, som mellom anna har vore engasjert ved den legendariske Bolshoi-balletten. I små musikalske mellomspel vil skodespelarane ikledde maskar, mime og danse ein ballett som tek for seg myten om Minotauren. Den ligg som eit bakteppe for handlingane i Fedra.

Sterkt skodespelarlag
Det er et sterkt skodespelarlag som gjev seg i kast med Racines meisterlege stykke. Fedra er kvinna som forelskar seg i stesonen sin Hippolytes, medan mannen hennar, kong Tesevs, er i utlandet og kjempar i krigen. Jorunn Kjellsby har si siste rolle som fast tilsett på Det Norske Teatret som Oinone. Kjellsby hadde si første rolle som 15-åring i 1959, men blei tilsett i 1977 og har hatt 37 innhaldsrike år ved teatret.

Fatale følgjer
Når Fedra får vite at Tesevs er død, oppsøkjer ho Hippolytos og fortel han om kjenslene sine. Samstundes blir landet kasta ut i ein uoversiktleg politisk situasjon, som ender med at Hippolytos blir sett inn som konge, medan Fedras son blir stor nok til å ta over sjølv. Kort tid etter syner det seg at Tesevs framleis lever. Hans tilbakekomst set i gang eit ras av fatale misforståingar.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no