Lurivar og påskemysteriet
Lurivar må løyse eit mysterium i Aasen-tunet i påska.
Måndag, tysdag og onsdag i påska inviterer Lurivar små og store born til Aasen-tunet
for å vere med på å løyse eit stort mysterium som har kome i vegen for Lurivar sine
late kattepåskedagar.
Den utspekulerte og lure påskeharen har vore på besøk i tunet og lagt igjen ei mystisk
melding til Lurivar. Der står det at påskeharen har gøymt påskeegg rundt om kring i
Aasen-tunet og han vil at Lurivar skal finne desse egga. Inni egga ligg det noko han veit
Lurivar likar svært godt.
Lurivar er rett nok ein katt med både godt utvikla syn og luktesans, men han treng hjelp
til å finne egga og løyse mysteriet saman med ivrige born. Heldigvis har Lurivar gode
hjelparar som kan vere med på å finne ut kven denne mykje omtala påskeharen eigentleg
er. Kanskje finn dei svaret på kvifor haren har lagt igjen påskeegg til Lurivar?
I fjor var første gongen Aasen-tunet inviterte til påskeframsyningar med Lurivar. - I
år gjentek vi suksessen med ei heilt ny og aktiviserande framsyning med både eggjakt og
skodespel. Etter framsyninga vil borna få høve til å halde på med
formgivingsaktivitetar, seier formidlar Marita Bett Jensen. I kafeen blir det også høve
til å kjøpe Lurivars lure vaflar.
Maria Halseth frå Ørsta spelar Lurivar, og Silje Silden frå Måløy spelar Lurivar sin
medhjelpar desse påskedagane.
Måndag 25., tysdag 26. og onsdag 27. mars kl. 13.00
Lurivar og påskemysteriet
Kr 50 / familie 150
Høver for born frå 4 år og oppover .
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no