Brenningmysteriet - to levande og to
døde
av Otto Homlung
basert på Egil Ulateig si bok "To levande og to døde"
Teatret skal etter jul setje opp eit drama om krig og kjærleik basert på soga om
firebarnsmora som rømde med ein av fienden sine soldatar i 1943. Dei rømde via Askvoll,
Naustdal, Hyen, Lotsberg og Stryn vidare austover til Gudbrandsdalen og Sverige. Der levde
dei utan å gi livsteikn frå seg i mange år etterpå. To karar frå Brendsdal i
Hyllestad skyssa dei eitt stykke på vegen med båten sin. Desse to karane vart aldri
funne att, og det rømde paret legg eit slør over historia. Båten Brennning
vart funnen i Gjøringebøvika i Førdefjorden på 70-talet, saman med patroner og
tomhylser. Mange trur at karane vart tekne av dage av den væpna soldaten.
No skal Otto Homlung setje opp stykket på Sogn og Fjordane Teater. Han uttalar seg slik
om stykket:
Staden er Ytre Sogn. Ein fiskarbåt forlet Fure i Askvoll kl. 12 onsdag 24. februar
1943. Mannskapet om bord var to brør: Arthur og Hjalmar Brendsdal saman med ein
østerriksk desertør og ei kvinne som forlet mann og fire barn. Båten forsvann og vart
funne mange år seinare. Brørne vart aldri funne. Mannen og kvinna vart funne i Sverige
mange år seinare . Der hadde dei stifta familie og vart forhøyrd av politi og intervjua
av den norske journalisten Egil Ulateig. Dette mysteriet har vi laga teater av. Teoriane
om kva som hadde skjedd har vore på folkemunne i alle år sidan. Kva er løgn, kva er
fortrengd og kva er gløymt? I ein spennande forhøyrsprosess der kvar stein om hendinga
er snudd og livet til dei gamle passerar revy, prøver vi å løyse ei gåte, eit
puslespill der mange brikker ikkje passar inn, men om ikkje alt er slik det verkeleg
hende, prøver vi i dette stykket å komme nærmare ei sanning som vi ikkje veit om nokon
gong kjem for ein dag.
Samstundes er det ei skildring av ei kjærleikshistorie med så sterke kjensler som bare
ein krig kan gi årsak til. Kampen for kjærleiken, kampen for å overleva, og vissheita
om at i krig og kjærleik er alt tillete, vert skildra og framstilt i eit fortetta
menneskelig drama som gjer sterkt inntrykk. Er det mogeleg med tilgjeving for svik mot
barn og fedreland i ein kamp for den store og livsvarige kjærleiken? Er det mogeleg å
gå i grava med ei sanning som kanskje aldri kjem for ein dag? Slike spørsmål vil alltid
vera aktuelle der krig og kjærleik fins. Derfor er dette ei historie om ei verkeleg
hending frå regionen vår som kanskje aldri vil bli gløymd, uansett kva som er sanning
og kva som er løgn. Tilgjeving kan vi kanskje gi, men vi kan aldri slutte å undra oss
over kva som verkeleg hende
Regi: Otto Homlung
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Eivind Myren
Medverkande: Bente Børsum, Tore B Granås, Roger Hilleren, Hallbjørn Rønning, Yngve
Seterås, Irene Waage
Premiere i Førde torsdag 24. februar 2011 kl 1900 - på dagen 68 år etter at Brenning la
ut frå Fure. Stykket er på turné i Sogn og Fjordane og Bergen i mars.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no