|
|
|
 |
 |
Tid for HAIR
Medan
politikarane ikkje klarer å stanse krigen i Midt-Austen og terroren ligg som
ei sky over oss alle, førebur Det Norske Teateret si storsatsing på den
kjende rockemusicalen Hair.
31. august er det tid for premiere, og det er János Szász som har regien.
Dansen står sentralt i Hair, og Csaba Horváth har koreografien. Ola
E. Bø og Iren Reppen har omsett teksten til Gerome Ragni og James Rado.
Stykket hadde premiere på Broadway i 1968 og er blitt spela 1742 gonger
sidan då. Og så får dei la håret gro som har litt av det medan vi andre
vonar at musikk, dans og blomar igjen kanskje kan gje noko til freden.
Relatert link:
Det Norske Teatret:
Hair
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|