AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
12. mars 2006

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger
Artikler

Arkiv
SØK



Verdas nest vakraste kjærleikshistorie?

- Det vert ofte sagt at Romeo og Julie er verdas vakraste kjærleikshistorie. Då må i alle fall historia om Ceyx og Alcyone vere den nest vakraste. Det er skodespelar Nina E. Bø som hevdar dette. 17. mars står ho på scena i Herøy kyrkje i lag med operasongar Maria Steinsvik, dansar Trude S. Leine og organist Terje Tjervåg. Denne kvelden byr såleis på eit møte mellom kunstformene teater, opera og dans - og også eit møte mellom kunsten og kyrkja.

Aktørane har tatt utgangspunkt i myten om Ceyx og Alcyone frå Ovid sitt meisterverk ”Metamorfosar”, og har henta inspirasjon frå det klassiske greske teateret. I tillegg til Ovid si tekst, er også tekst av Hamsun nytta i framsyninga, og musikk av Händel, Purcell og Mozart. Kostyme er ved Hege Sørdal, og regi er ved Liv Anne Bjurgren.

Stykket handlar om ekteparet Ceyx og Alcyone, konge og dronning av Trakia. Dei er svært lukkelege, og sjeldan villige til å vere frå einannan. Men kong Ceyx er plaga av tunge tankar etter broren sin bråe død. Han bestemmer seg for å reise til orakelet for å få nokre svar. Alcyone får eit vondt varsel om denne ferda, og prøvar å få mannen sin frå å reise. Han dreg likevel, og set ut med skipet sitt. Langt unna begge land kjem skipet ut for ein valdsam storm.

Den romerske forfattaren Ovid levde frå år 43 f.Kr til år 17 e.Kr. Det er såleis 2000 år gamal tekst som skal framførast i kyrkja denne kvelden. Bøe hevdar at det er gjennom si store poetiske kraft denne teksta har overlevd fram til våre dagar, men held også fram at kanskje kan den også seie noko om korleis det er å vere menneske i dag? Kanskje er Alcyone si frykt for havet noko mange langs kysten har levd med?

Etter framsyninga vil kyrkja invitere inn til ein open debatt der ein tar tak i ein del av dei problemstillingane framsyninga reiser. Alle aktørane vil vere til stades, og prest Jens Terje Johnsen vil halde opningsinnlegget.


Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no